Semestre

NO132-110KFK Andrespråkspedagogikk 2, Kompetanse for kvalitet

Emnekode: 
NO132-110KFK
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Forkunnskapskrav, emneliste
NO131-110KFK Andrespråkspedagogikk 1, Kompetanse for kvalitet
Om emnet

Studiet er andre, og fortsettande del av vidareutdanningsstudiet Andrespråkspedagogikk for lærarar på 1.-10. trinn. Innhaldet i emnet går inn på fire nye tema som er sentrale i læraren sin kompetanse for tilpassa opplæring i det fleirkulturelle og fleirspråklege klasserommet. Desse temaa er munnleg samspel, skriving og samanhengar mellom språk, identitet, kultur og læring. Studiet legg vekt på at studentane skal meistre koplingar mellom eigne praksiserfaringar og forskingsbasert kunnskap, og kunne bruke denne kompetansen som grunnlag for undervisning i fleirkulturelle og fleirspråklege klasserom. 

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • norsk språk i eit andrespråksperspektiv, andrespråkslæring og andrespråksundervising
  • samanhengar mellom språk, identitet, kultur og læring
  • korleis ein kan utvikle eit antirasistisk læringsmiljø
  • skriving og skriveopplæring når norsk er andrespråket
  • utvikling av munnleg kompetanse i eit andrespråksperspektiv
  • bruk av litteratur og læreverk i ein antirasistisk, fleirspråkleg og fleirkulturell skule
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • legge til rette for eit læringsmiljø som tek utgangspunkt i språkleg og kulturelt mangfald som ein ressurs
  • leie tilpassa faglege klassesamtalar og legge til rette for utvikling av elevane sitt munnlege fagspråk  
  • nytte teori om andrespråkslæring og kontrastive kunnskapar for å tilpasse skriveopplæringa
  • arbeide med innhald og strukturar i skuledagen på måtar som kan skape eit inkluderande læringsmiljø
  • observere og identifisere fleirspråklege elevar sine opplæringsbehov
  • uttrykkje seg godt på norsk i skriftlege og munnlege faglege framleggingar
Generell kompetanse

Studenten skal:

på eit reflektert og fagleg grunnlag kunne vere i dialog med minoritetsspråklege elevar om deira språklege og faglege læring og utvikling 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

I vårsemesteret er undervisninga fordelt på tre samlingar på campus HVO. Samlingane går kvar gong over to heile dagar og har obligatorisk oppmøte. Mellom samlingane er det lagt opp til at studentane gjennomfører didaktiske opplegg på eigen arbeidsplass, og gjennomfører nettbaserte undervisingsopplegg på læringsplattforma Canvas. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav:

  • Obligatorisk oppmøte på samlingane og deltaking på seminar
  • Gjennomføring av digitale, asynkrone undervisingsopplegg
  • Gjennomføring av to didaktiske opplegg på eigen arbeidsplass
  • Ein individuell skriftleg refleksjonstekst på 1000 – 1200 ord 
  • Ein munnleg og digital presentasjon i gruppe

For å kunne gå opp til eksamen i emnet er det ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende. Studentar som får «ikkje godkjend», kan få eitt nytt forsøk, jf §4-7 Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det er faglærarane som godkjenner arbeidskrava. Det er krav om 80 prosent oppmøte, jf. § 4-6 i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

 

 

 

 

 

Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Birgitte Fondevik
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Andrespråkspedagogikk 1.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Arne Myklebust