Semestre

NO1A-17KFK Norsk 1A

Emnekode: 
NO1A-17KFK
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Norsk 1A er hovudtema knytt til formidling av norskfaget på mellomsteget. Studentane får ei innføring i grunnleggande faglege og fagdidaktiske emne, dei grunnleggande ferdigheitene og omgrep knytt til språk og litteratur, samt forståing av læreplanar. Sentrale emne er grammatikk og grammatikkdidaktikk, lese- og skriveopplæring på mellomsteget, analyse av og respons på elevtekstar, innføring i multimodalitetsteori, munnleg forteljing og høgtlesing og litteratur for barn og unge.

Hovudtemaet for praksis første studieår er lærarrolla, kontaktlærarrolla og lærararbeidet, og i norskfaget arbeider studentane mellom anna med den munnlege formidlingsevna til læraren og etablering av ein klasseromskultur.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har omfattande kunnskap om språket som system og språket i bruk i nynorsk og bokmål 
  • har kunnskap om språk og tekst i analyse og vurdering av skriftlege elevtekstar
  • har kunnskap om lese- og skriveopplæringa på mellomtrinnet
  • har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar, med vekt på litteratur for barn og unge
  • har kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis
  • har kunnskap om samisk språk, litteratur og kultur, samt andre nasjonale minoritetsspråk
  • har kunnskap om munnleg kommunikasjon på mellomsteget og om å skape ein munnleg klasseromskultur
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk og bokmål, i ulike sjangrar og medium
  • har kunnskap om observasjon og dokumentanalyse som relevante forskingsmetodar i norskfaget
Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid
  • kan analysere og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
  • kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
  • kan bruke ulike metodar og læringsressursar i den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
  • kan gjere greie for faglege val som skal fremme munnleg og skriftleg språkutvikling hos elevar på mellomsteget
  • meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer
  • kan bruke observasjon og dokumentanalyse som relevante forskingsmetodar i norskfaget 
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over norskundervisning i ulike emne og for elevar med ulik bakgrunn
  • kan legge til rette for at elevane på mellomsteget blir tekstkyndige, trygge språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale og digitale arenaer 
  • kan vurdere eigen praksis som norsklærar med utgangspunkt i gjeldande læreplanar og faglege kunnskapar og innsikter
  • har god munnleg formidlingsevne
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom digitale møtepunkt på zoom, læringsløyper i Canvas og fysiske samlingar på Campus i Volda. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og med støtte i digitale verktøy. I samband med grammatikkundervisninga vil studentane møte internasjonale studentar og samtale om språk og språklæring. Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking gjennom heile studieprosessen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697

Arbeidskrav:

  1. Skriftleg prøve i språklege emne utan hjelpemiddel.
  2. Elevtekstanalyse på 2000 ord (+/- 10 %). Studentane skal arbeide prosessorientert med arbeidskravet.
  3. Munnleg arbeidskrav knytt til litteratur og litteraturdidaktikk med respons frå faglærar og medstudentar (om lag 15 minutt).

    Studentane må vere budde på mindre oppgåver knytt til undervisninga i tillegg til arbeidskrava

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Brage Egil Herlofsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Norsk 1 for 1.-7. trinn, Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Målform: Både nynorsk og bokmål (ei av oppgåvene skal skrivast på nynorsk og ei på bokmål).
Ordliste og utdrag frå læreplanen
Eksamen inneheld to oppgåver som skal vektast likt.