Semestre
NO203 Livshistorier: biografi og roman
45 studiepoeng frå tre grunnemne i norsk (nordisk), NO113S, NO114S og anten NO111S eller NO112S, eller tilsvarande etter søknad.
NO203 er, saman med eit anna 200-emne (språk eller litteratur) ein del av fordjupingsstudiet i norsk, men kan også takast som frittståande emne eller som del av bachelorstudiet i språk og litteratur. I dette emnet tek vi for oss den livshistoriske forteljinga i fiksjon og sakprosa. Vi legg særleg vekt på verk som kryssar tradisjonelle sjangergrenser.
Fellespensum
- eit utval nyare nordisk litteratur, tilsvarande sju litterære verk, som femner om biografiar, sjølvbiografiar og biografiske romanar
- eit utval moderne litteratur- og sjangerteori, litteraturkritikk og litteraturhistoriske tekstar
Individuelt pensum
Eitt av følgjande verk som emne for semesteroppgåva:
Tomas Espedal: Imot kunsten (2010)
Karl Ove Knausgård: Min kamp 1 (2009)
Åsa Linderborg: Mig äger ingen (2008, svensk utg.)
Kristian Lundberg: Yarden (2009, svensk utg.)
Dag Solstad: 16.07.41 (2003)
Linn Ullmann: De urolige 2015)
Lars Amund Vaage: Syngja (2015)
I tillegg kjem teori og sekundærlitteratur som blir nytta i arbeidet med semesteroppgåva (svarar til litteraturlista).
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om
- sentrale trekk ved livshistoriske sjangrar
- sentrale problemstillingar rundt fiksjon og forteljing i samband med biografi og roman
- relevant tekst- og sjangerteori
Studenten
- kan nytte desse kunnskapane i praktisk tekstanalyse
- kan formidle analysar med klart og argumenterande språk
- kan utforme tekstar i samsvar med vitskaplege krav til kjeldetilvising
Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte.
Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar og førelesingar på ei samling ved Høgskulen i Volda. Parallelt med nettundervisninga arbeider studenten med ei semesteroppgåve, med individuell rettleiing. Studenten får tilbakemelding på framlegg til problemstilling og eitt utkast (sjå nedanfor, punkt 1 og 2).
Emnet har fire arbeidskrav:
- I starten av semesteret skal studenten velje emne og problemstilling for oppgåva. Emneval og problemstilling skal deretter godkjennast av faglærar.
- Innan ein fastsett frist skal studenten levere eit utkast til semesteroppgåva på om lag 2000 ord. Utkastet blir kommentert og må vere godkjent før studenten kan gå vidare med semesteroppgåva.
- Pensumliste skal vere innlevert seinast éin månad før munnleg eksamen. Ein kan normalt ikkje leggje opp tekstar som har vore pensum ved tidlegare høgskule- og universitetsstudium.
- Studenten skal delta på samlinga. Dersom ein på grunn av sjukdom eller andre presserande grunnar ikkje kan delta på samlinga, kan ein søkje om fritak. I så fall må ein skrive ei oppgåve på om lag 2000 ord om eitt av pensumverka.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Norsk (nordisk) - fordjupingsstudium (nettstudium)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Studenten vel fritt målform på oppgåva. | Ei semesteroppgåve på 6000 ord. | ||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 45 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Studenten skal gå opp til ein avsluttande munnleg eksamen etter greidd skriftleg eksamen. Munnleg eksamen kjem rett etter sensuren og gir grunnlag for ei justering av karakteren på oppgåva. |