Semestre

NO204 Litteratur og sjukdom

Emnekode: 
NO204
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Literature and illness
Emnenavn på bokmål: 
Litteratur og sjukdom
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

45 studiepoeng frå tre grunnemne i norsk (nordisk), NO113S, NO114S  og anten NO111S eller NO112S, eller tilsvarande etter søknad.

Om emnet

I fordjupingsemnet Litteratur og sjukdom set ein fokus på sjukdom i eit litterært og kulturelt perspektiv. Pensum er sett saman av eit utval tekstar som tilsvarar sju litterære verk. Som motiv i desse tekstane møter vi kjende litterære sjukdomar som hysteri, melankoli, tuberkulose, kreft osb. I tillegg inneheld pensum eit utval teori og sekundærlitteratur som gir relevant bakgrunn for dei einskilde verka. Emnet kan, i lag med eit språkemne, vere ein del av fordjupingsstudiet i norsk, men kan også takast separat, saman med eit anna litteraturemne (NO203: Livshistorier) eller som del av bachelorstudiet i språk og litteratur.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskapar om

  • korleis litterære tekstar nyttar sjukdomsmotiv til å reflektere over sentrale sider ved subjekt og samfunn
  • teori knytt til sjukdom i litterær og kulturell samanheng

 

Ferdigheiter

Studenten er i stand til å

  • bruke desse kunnskapane i praktisk tekstanalyse
  • utforme analysar i samsvar med elementære krav til argumentasjon og kjeldetilvsing i vitskapleg framstilling

 

Generell kompetanse

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar, individuell rettleiing og ei samling ved Høgskulen i Volda. Parallelt med nettundervisninga arbeider studenten med ei semesteroppgåve. Rettleiinga vil i stor grad vere knytt til oppgåveskrivinga.

Studenten skal velje eitt av følgjande verk som emne for semesteroppgåva:

Bergliot Hobæk Haff: Skammen (1996)

Liv Költzow: Melding til alle reisende (2015)

Einar M. Gudmundsson: Universets engler (omsett frå islandsk) (1993)

Thorvald Steen: Vekten av snøkrystaller (2006)

Lars Amund Vaage: Utanfor institusjonen (2006)

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav:

1. I starten av semesteret skal studenten sjølv velje emne (sjå ovanfor om kva verk ein kan velje mellom) og formulere eit forslag til problemstilling, aktuell teori og sekundærlitteratur og gjerne ein grov disposisjon. Dette skal godkjennast av rettleiar.

2. Innan ein fastsett frist skal studenten levere eit utkast til semesteroppgåva på om lag 2000 ord. Utkastet blir kommentert og må vere godkjent før studenten kan gå vidare med oppgåva. Det er høve til å levere eit siste utkast for rettleiing innan ein fastsett frist. Denne innleveringa er frivillig.

3. Pensumliste skal vere innlevert seinast ti dagar før munnleg eksamen. Ein kan normalt ikkje leggje opp tekstar som har vore pensum ved tidlegare høgskule- og universitetsstudium.

4. Studenten skal delta på samlinga. Dersom ein på grunn av sjukdom eller andre presserande grunnar ikkje kan delta på samlinga, kan ein søkje om fritak. I så fall må ein skrive ei oppgåve om eitt av pensumverka på om lag 2000 ord (5 sider).

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Geir Petter Hjorthol
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Norsk (nordisk) - fordjupingsstudium (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Studenten vel fritt målform på oppgåva.
Ei semesteroppgåve på 6000 ord.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
45 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Studenten skal gå opp til ein avsluttande munnleg eksamen etter greidd skriftleg eksamen. Munnleg eksamen kjem rett etter sensuren og gir grunnlag for ei justering av karakteren på oppgåva.