Semestre

NO205 Talemål i endring

Emnekode: 
NO205
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Talemål i endring
Emnenavn på bokmål: 
Talemål i endring
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

45 studiepoeng frå tre grunnemne i norsk (nordisk), NO111S,  NO112S og anten NO113S eller NO114S, eller tilsvarande etter søknad.

Om emnet

Emnet gir ei fordjuping i talemålsutviklinga i Noreg i dag, sett i lys av liknande endringar i resten av Europa. Studiet gir eit bilete av kva for språktrekk som endrar seg, og kva omfang endringane har. Spørsmålet om kva som kan forklare endringsprosessane, både generelt og dei enkelte stadene i Noreg, står sentralt.

Emnet kan, i lag med eit litteraturemne, vere ein del av fordjupingsstudiet i norsk, men kan også takast separat, saman med eit anna språkemne (NO201, Nynorsk skriftkultur) eller som del av bachelorstudiet i språk og litteratur.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om

- talemålsutviklinga i dag

- i kor stor grad det skjer ei talespråkleg regionalisering

- kva som kan forklare dei endringane som skjer

Ferdigheiter

Studenten er i stand til å

- forstå og analysere munnleg språk og tekst

- gjere greie for geografiske og sosiale skilnader i munnleg språkføring

Generell kompetanse

Studenten skal ha

- generell kompetanse i utforming av tekstar

- innsikt i vitskapleg metode og arbeidsmåtar

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar og individuell rettleiing. Parallelt med nettundervisninga arbeider studenten med ei semesteroppgåve. Rettleiinga vil i stor grad vere knytt til oppgåveskrivinga.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

1. I starten av semesteret skal studenten gjere avtale med rettleiar om val av emne og problemstilling for semesteroppgåva.

2. Innan ein fastsett frist skal studenten levere eit utkast til semesteroppgåva på om lag 2000 ord. Utkastet blir kommentert og må vere godkjent før studenten kan gå vidare med oppgåva.

3. Pensumliste skal vere innlevert seinast ein månad før munnleg eksamen. Ein kan normalt ikkje leggje opp tekstar som har vore pensum ved tidlegare høgskule- eller universitetsstudium.

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Tor Arne Haugen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Norsk (nordisk) - fordjupingsstudium (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Studenten vel fritt målform på oppgåva.
Ei semesteroppgåve på 6000 ord.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
45 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Studenten skal gå opp til ein avsluttande munnleg eksamen etter greidd skriftleg eksamen. Munnleg eksamen kjem rett etter sensuren og gir grunnlag for ei justering av karakteren på oppgåva.