Semestre

NO209 Økokritikk - Litteratur og natur

Emnekode: 
NO209
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Ecocriticism - Literature and Nature
Emnenavn på bokmål: 
Økokritikk - Litteratur og natur
Eksamenssemester: 
2023 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

45 studiepoeng frå tre grunnemne i norsk (nordisk): NO113S, NO114S og anten NO111S eller NO112S. 

Om emnet

Fordjupingsemnet Økokritikk - Litteratur og natur rettar merksemda mot miljøtematikk og framstillingar av natur i skandinavisk litteratur frå 1900 til i dag. Gjennom det økokritiske perspektivet søker emnet å skape medvit om kva status og rolle den fysiske verda har i den skandinaviske litteraturen, og korleis natur og klimaspørsmål vert handsama som litterære motiv og tema. I tillegg til eit utval økokritisk teori, er pensum sett saman av essay, dikt, romanar og kortprosatekstar som tematiserer forholdet mellom menneske, dyr, plantar og landskap på ei rekke ulike måtar. Emnet kan takast som del bachelorstudiet i språk og litteratur. Emnet kan også, i lag med eit språkemne, vere ein del av fordjupingsstudiet i norsk, eller det kan takast separat eller saman med eit anna litteraturemne (NO203: Livshistorier). 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskapar om

  • korleis naturmotiv og miljøspørsmål vert framstilt innanfor ulike litterære sjangrar på 1900- og 2000-talet
  • relevant økokritisk teori
Ferdigheiter

Studenten er i stand til å

  • bruke og utvikle desse kunnskapane i praktisk tekstanalyse
  • utforme analysar i samsvar med gjeldande krav til argumentasjon og kjeldetilvising i vitskapleg framstilling
Generell kompetanse

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gitt som nettleksjonar i form av tekst, video og lyd, individuell rettleiing og ei fysisk eller digital samling. Parallelt med nettundervisninga arbeider studenten med ei semesteroppgåve. Rettleiinga vil i stor grad vere knytt til oppgåveskrivinga. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er ikkje frammøtekrav knytt til dette emne. 

Arbeidskrav:

1. I starten av semesteret skal studenten sjølv velje emne og formulere eit forslag til problemstilling, aktuell teori og sekundærlitteratur og gjerne ein grov disposisjon innanfor rammene som emnet sett. Dette skal godkjennast av rettleiar innan ein fastsett frist.

2. Innan ein fastsett frist skal studenten levere eit utkast til semesteroppgåva på om lag 2000 ord. Utkastet blir kommentert og må vere godkjent før studenten kan gå vidare med oppgåva. Det er høve til å levere eit siste utkast for rettleiing innan ein fastsett frist. Denne innleveringa er frivillig.

3. Om lag midt i semesteret vert det arrangert ei samling anten på campus eller digitalt. På samlinga skal studenten delta i medstudentvurdering av sitt eige og ein annan student sitt utkast til semesteroppgåve. Deltaking på samlinga er obligatorisk. Dersom ein på grunn av sjukdom eller andre presserande grunnar ikkje kan delta på samlinga, kan ein søkje om fritak. I så fall må ein skrive ei medstudentvurdering på om lag 400 ord (1 side) og ei oppgåve om ein eller fleire tekstar på pensum på om lag 1600 ord (4 sider).

Maksimumstal: 
25
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Norsk (nordisk) - fordjupingsstudium (nettstudium)
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Studenten vel fritt målform på oppgåva.
Ei semesteroppgåve på 6000 ord.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
45 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Studenten skal gje ei avsluttande prøveforelesing etter greidd oppgåve, med ei påfølgande styrt samtale om pensum. Tema for prøveforelesing vert gitt rett etter sensuren og ei uke før førelesinga skal haldast. Førelesinga gir grunnlag for ei justering av karakteren på oppgåva.