Semestre

NO2A-17KFK Norsk 2A for 1.-7. årssteg, Kompetanse for kvalitet

Emnekode: 
NO2A-17KFK
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Norwegian 2A, Kompetence for quality
Emnenavn på bokmål: 
Norsk 2A for 1.-7. årstrinn, Kompetanse for kvalitet
Eksamenssemester: 
2018 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Emnet er første del av studiet Norsk 2 for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet.  I norsk 2 skal studentane få ei utvida, forskingsbasert innsikt i norsk språk- og tekstkunnskap og fagdidaktikk. Studentane skal arbeide med dei grunnleggjande ferdigheitene og med eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei skal få ei djupare forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

Studentane kan forvente djupare innsikt innanfor den andre lese- og skriveopplæringa, samt betre forståing for norskfaget si rolle i notid og fortid. 

Studentane deltar på to samlingar i semesteret i veke 36 og 44 (desse tidspunkta kan bli endra), i tillegg til nettforelesingar der det er forventa at studentane deltar aktivt i diskusjonar og gruppearbeid. 

Norsk2A-kfk er del av vidareutdanningstilbodet til Utdanningsdirektoratet. Meir informasjon om søknad og fristar ligg her: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/etter-og-videreutdanning/larere/

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal:

  • ha kunnskap om norskfaget som dannings- og reiskapsfag og om gjeldande læreplan.
  • ha kunnskap om språkleg variasjon i skriftlege og munnlege tekster
  • ha kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår, og om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
  • ha inngåande kjennskap til teoriar om lesing og skriving, særleg knytt til den andre lese- og skriveopplæringa
Ferdigheiter

Studenten skal:

  • kunne tolke og forstå gjeldande læreverk, både i eit reiskaps- og danningsperspektiv
  • kunne rettleie elevar i lese- og skriveprosessen, slik at elevane blir kompetente lesarar og skrivarar og får utnytta sitt potensiale
  • kunne utnytte eit breitt repertoar av lese- og skrivestrategiar
Generell kompetanse

Studenten skal:

  • kunne vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • ha innsikt i norskfaget ut frå forsking og kunne reflektere kritisk og konstruktivt ut frå eit historisk perspektiv på faget
  • kunne formidle litteratur og motivere elevane til lesing og skriving
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Norsk 2A er eit kombinert nett- og samlingsbasert emne. Det er to samlingar i semesteret. Kvar samling går over to heile dagar.

Nettundervising, innlevering av arbeidsoppgåver og individuell rettleiing skjer via læringsportalen Canvas og Adobe Connect. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til den første samlinga.

Arbeidskrav:

I løpet av studiet skal studentane gjennomføre følgjande arbeidskrav:

  • Gjennomføring av didaktiske opplegg på eigen arbeidsplass (Rapport skal leverast inn)
  • To skriftlege tekstar (om 1500 ord)

Begge målformer skal vere representerte. Ein av tekstane skal vere knytt til arbeidet med det didaktiske opplegget. Det vert gitt nærare informasjon om arbeidskrava og frist for levering i semesterplanen. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

 

Sensorordning
Minimumstal: 
-
Maksimumstal: 
-
Emneansvarleg: 
Pernille Fiskerstrand
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Norsk 2 for 1.-7. årstrinn, Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter