Semestre

NYN303 Språkvitskap

Emnekode: 
NYN303
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Language and Linguistics
Emnenavn på bokmål: 
Språkvitenskap
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Valemnet Språkvitskap (NYN303) gjev innblikk i den mangslungne forskingsgreina språkvitskap. Emnet kastar lys over korleis språkvitskaplege studium kan bidra til å forstå tekstkulturar, både gjennom studium av språk som fenomen, av språkbrukarar og språksamfunn, og ikkje minst møtet og samspelet mellom desse. Emnet tek for seg ulike typar språkvitskaplege data og metodar. Framvoksteren av språknormer og språknormering har ein sjølvskriven plass i dette emnet, med særleg vekt på det nynorske.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har inngåande kunnskap om  

  • kva språk er, og kva språkvitskap er
  • tilhøvet mellom språk, språkbrukarar, kultur og samfunn
  • eit utval metodiske innfallsvinklar til språkvitskaplege studium
  • historia til nynorsknorma og om grunngjevinga for utforminga av norma
Ferdigheiter

Studenten kan

  • vurdere og grunngje val av data og metodar for språkvitskaplege undersøkingar
  • diskutere og vurdere språklege normeringsprosessar
Generell kompetanse

Studenten kan  

  • reflektere kritisk over relevant faglitteratur
  • byggje opp ein argumentasjon skriftleg på ein klar, logisk og forståeleg måte
  • bruke og vise til kjeldemateriale på ein konsekvent, tydeleg og logisk måte
  • skrive klar og lettfatteleg akademisk sakprosa på korrekt nynorsk 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Tre vekesamlingar med førelesingar. Kvart tema vert dekt av ein dobbelttime førelesing. Studentane må òg rekne med å få tildelt arbeidsoppgåver dei må løyse mellom vekesamlingane.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Eitt munnleg innlegg må vere godkjent før semesteroppgåva kan leverast inn. Innlegget skal vere ein presentasjon (på om lag 15 min.) av idear og førebels disposisjon til semesteroppgåva, eller ein presentasjon av ein eller fleire tekstar frå teoripensumet etterfølgd av spørsmål og kommentarar frå medstudentar og førelesar.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Stig Jarle Helset
Studieavgift

Ingen

Materialavgift

Ingen

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur
  • Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Semesteroppgåva skal skrivast på nynorsk. Det vert gitt tilbod om rettleiing.
Omlag 4000 ord +/÷ 10 prosent (altså om lag 10 sider). Litteraturliste og ev. noteapparat kjem i tillegg.
Godkjent av: 
Stig J. Helset