Semestre

NYN304 Den nynorske teksten

Emnekode: 
NYN304
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2018 Vår
Emnenavn på engelsk: 
The New Norwegian Text
Emnenavn på bokmål: 
Den nynorske teksten
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

I NYN304 tar vi for oss eit utval fiksjon og sakprosa på nynorsk frå om lag 1980 og fram til i dag. Samnemnaren for pensumtekstane er at dei rettar merksemda mot historia frå eit notidig perspektiv. Det sentrale spørsmålet i emnet er korleis denne koplinga mellom notid og fortid skjer, formelt og tematisk. I arbeidet med tekstane undersøkjer vi samfunns- og menneskebilete , og korleis dette kjem til uttrykk gjennom språk og litterær form. Slik ynskjer vi å nærme oss det historiske ved tekstane frå fleire perspektiv.  

Pensum omfattar 

1.      eit utval tekstar - romanar, dramatikk, lyrikk og sakprosa 

2.      eit utval litteratur- og historieteori

3.      sekundærlitteratur - om pensumtekstane

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Om

·         korleis nynorske tekstar frå samtida og den nære fortida handsamar historia

·         den rolla litterær form  spelar i denne samanhengen

·         relevant teori og sekundærlitteratur

Ferdigheiter

Studenten kan  

·         gjere greie for tematiske og formelle sider ved nynorsk samtidslitteratur

·         drøfte og analysere nynorsk samtidslitteratur i eit historisk perspektiv

·         reflektere kritisk over relevant faglitteratur

·         byggje opp ein fagleg argumentasjon på ein klar, logisk og forståeleg måte

·         bruke og vise til kjeldemateriale i tråd vitskaplege krav

·         skrive klar akademisk sakprosa på korrekt nynorsk   

Generell kompetanse

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gitt gjennom tre samlingar med førelesingar og samtale. Studentens eige arbeid med semesteroppgåva er ein sentral del av studiet. Han/ho får tilbakemelding frå retteiar på problemstilling og munnleg presentasjon av prosjektet (sjå neste punkt). Etter samling 2 er det, innan ein oppgitt frist, høve til å levere endå eit utkast for rettleiing.   

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Emnet har to arbeidskrav:

  1. Studenten leverer forslag til oppgåveemne, problemstilling og ein grov disposisjon for semesteroppgåva innan ein fastsett frist. Tema for semesteroppgåva skal hentast frå pensumlitteraturen. Oppgåveval og problemstilling skal godkjennast av faglærar.  
  2. På samling 2 gir kvar student ein munnleg presentasjon av oppgåveprosjektet sitt (15 - 20 min), med påfølgjande respons frå førelesar og medstudentar.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.(http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Geir Petter Hjorthol
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
.
Semesteroppgåve på om lag 6000 ord (utanom litteraturliste og eventuelt noteapparat). Semesteroppgåva skal skrivast på nynorsk
Godkjent av: 
Arne Apelseth