Semestre
PLA101 Berekraftig samfunnsutvikling
Ingen.
Stader vert utvikla i samspel mellom lokale og globale strukturar og praksisar. Introduksjon til dominerande utviklingstrendar i samfunnet skal, saman med kunnskap og forståing for korleis stadar vert til, danne grunnlag for innføring i samfunnsplanlegging.
Ulike perspektiv, verdiar og kontekster på berekraft skal danne forståing for kompleksiteten i samfunnsutviklinga.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
- Kunnskap om grunnleggande utviklingstrendar i samfunnet
- Innsikt i berekraftig samfunnsutvikling som diskurs
- Forståing for lokalsamfunn som stad
Studenten kan
- Reflektere over grunnleggande utviklingstrendar
- Observere og diskutere lokale utviklingstrekk
- Bruke grunnleggande prinsipp og omgrep om stad
- Lage akademisk oppgåvestruktur og bruke kjelder
Studenten skal kunne
- Reflektere rundt utviklingstrendar i lys av berekraftig samfunnsutvikling
- Ta i bruk kunnskap og ferdigheiter på sjølvstendig vis
Arbeidsmåtar i emnet vil variere mellom førelesingar, diskusjon, oppgåveløysing og prosjektarbeid i gruppe. Detaljar vil gå fram av semesterplanen.
Frammøtekrav:
80 prosent frammøte til undervisning og læringsaktivitetar.
Arbeidskrav:
- Prosjektarbeid i gruppe.
- Skriftleg individuelt arbeidskrav.
- Samfunnskunnskap - årsstudium
- Samfunnsutvikling - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Ingen |