Semestre
PLA102 Samarbeidsdriven samfunnsplanlegging
Ingen.
Emnet gir innføring i planlegging etter plan- og bygningslova (offentleg planlegging) på kommunalt og regionalt nivå, og i sentrale planteoretiske modellar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
- Kunnskap om planlegging etter plan- og bygningslova på kommunalt og regionalt nivå (offentleg planlegging)
- Kunnskap om historiske utviklingstrendar i planlegging
- Kunnskap om målrasjonelle og kommunikative perspektiv på planlegging
Studenten kan
- Finne fram i og bruke offentlege planar i drøfting
- Gjere greie for og reflektere over ulike perspektiv på planlegging
Studenten skal kunne
Analysere ulike planar i lys av krava i Plan- og bygningslova
Arbeidsmåtar i emnet vil variere mellom førelesingar, studentseminar og ekskursjon. Detaljar vil gå fram av semesterplanen.
Frammøtekrav: 80 prosent frammøte på undervising og læringsaktivitetar.
Arbeidskrav: Eit individuelt arbeidskrav knytt til ein dagsekskursjon. Godkjent/ikkje godkjent
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Samfunnskunnskap - årsstudium
- Samfunnsutvikling - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Alle hjelpemiddel tillatt der ein kan vise til kjelde |