Semestre
PLA221 Fordjuping i arealplanlegging, kartkunnskap og GIS
Anten GOV121, PLA121 og PRO121 eller IPA173 + 15 studiepoeng valfritt emne på grunnivå
Emnet er eit fordjupingsemne i arealplanlegging og GIS, og bygger på innføringsemnet IPA173.
Sentrale tema er arealplanlegging og bruk av GIS som verktøy for utgreiing, analyse og avgjerdsstøtte.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- Krav om kunnskapsgrunnlag og utgreiingar i arealplanlegging
- Rettsverknaden av ulike plantypar
- Kritisk bruk av GIS i arealplanlegging
Studenten skal ha øving i å:
- Utarbeide saksgrunnlag
- Bruke GIS som kommunikasjonsverktøy
- Samarbeide om praktiske arealplanoppgåver
Studenten skal ha øving i, og kunnskap om oppgåver knytt til arealplanlegging og GIS som verktøy.
Undervisinga i emnet går over eit semester. I tillegg til undervisning, vert det gitt rettleiing i samband med øvingar og arbeidskrav.
Arbeidskrav:
To arbeidskrav, eit individuelt og eit fortrinnsvis i gruppe. Begge må vere godkjent for å få gå opp til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Planlegging og administrasjon - bachelor
- Samfunnsutvikling - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 7 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |