Semestre
PPU-DID1RL Didaktikk 1 Religion og livssyn
Ingen.
Emnet er ein del av praktisk pedagogisk utdanning for allmenne fag, og må sjåast i samanheng med pedagogikk og praksis. Dei to emna i fagdidaktikk inngår som ein heilskapleg del av studiet praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag. Gjennom tverrfaglege modular i undervisningsplanen vert det synleggjort korleis emna i fagdidaktikk, pedagogikk og praksis samarbeider. Det første emnet i didaktikk er, saman med dei første emna i pedagogikk og praksis organisert rundt modulane 1, 2, 3 og 4.
Emnet skal, saman med det andre fagdidaktikkemnet, gje kunnskap om eigne undervisningsfag sin plass i skulen, utbreiing, progresjon og grunngjeving. Emnet skal gje innsikt i korleis relevant forsking kan bidra til formidling og tilrettelegging for læring i aktuelle fag. Gjennom fagdidaktikkundervisninga skal studenten få kunnskap om, og innsikt i eit breitt spekter av undervisningsstrategiar, læremiddel og arbeidsmetodar i aktuelle fag.
Ein del av undervisninga i emnet vert gitt under overskrifta “Felles fagdidaktikk”, medan i andre delar av undervisninga vil studenten vere i eigne undervisningsgrupper knytt til dei ulike undervisningsfaga studenten har undervisningskompetanse i. Detaljar rundt dette vil gå fram av Praksis og samlingsruta og undervisningsplanar for dei ulike faga.
Studentar med undervisningskompetanse i berre eitt undervisningsfag skal spesialisere seg i fagdidaktikken for dette faget, gjennom deltaking i undervisning, rettleiing, litteraturstudie og oppgåveskriving. Studentar med undervisningskompetanse i fleire fag skal i så stor grad som mogleg utvikle kunnskapar og ferdigheiter i begge faga. Sjå under arbeidskrav for korleis dette vert gjort.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha:
- Kunnskap om fagleg danning og utdanning i eit samfunn basert på demokrati, bærekraftig utvikling, mangfold, likestilling og likeverd.
- Kunnskap om barn og unge si utvikling, motivasjon, læring og sosialisering med utgangspunkt i aktuelle fag,
- Kunnskap om samanheng mellom individuelle, sosiale, kulturelle og fagspesifikke forhold i arbeidet med tilpassa opplæring.
- Kunnskap om aktuelle undervisningsfag sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen
- Kunnskap om undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt
- Kunnskap om korleis praktiske, digitale, skapande og estetiske læreprosessar kan påverke helse, trivsel og læring
Studenten:
- Kan analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til aktuelle fag sin plass i skulen
- Kan planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i aktuelle fag, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov
- Kan bruke ulike metodar i undervisninga, og tilpasse opplæringa i faget slik at den tek omsyn til eleven sitt ulike læringstempo, interesse for faget og evne til kritisk tenking
- Kan bruke digitale ressurser som er sentrale for aktuelle fag
- Kan gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar
- Kan leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar.
- Kan planlegge forskningsbaserte utviklings- og endringsprosessar knytt til aktuelt fag
Kandidaten
- kan vise og utøve ein autonom og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt
- kan orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis
Undervisning vil bli gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk), og i gruppe i aktuelle fag. Studenten vil få arbeidskrav tilpassa studenten sin fagbakgrunn, og med tilbod om individuell rettleiing.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk oppmøte til undervisning og andre læringsaktivitetar. Les om frammøtekrav i forskrifta om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A74-6
Arbeidskrav:
Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart.
Del A) Levere eit arbeid tilsvarande ca 2000 ord (ca. 5 sider), knytt til undervisning og aktuelle fagdidaktiske problemstillingar.
Del B) I tillegg skal alle studentar anten:
Alternativ 1, for studentar med undervisningskompetanse i eitt undervisningsfag: Ha godkjent skisse for praksisretta prosjekt, også med førebels litteraturliste.
Alternativ 2, for studentar med undervisningskompetanse i to fag: Ha godkjent deltaking i obligatoriske aktivitetar og undervisning knytt til sekundærfag tildelt gjennom opptaket, og som går fram av opptaksbrev.
- Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 8 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Tema for eksamen vil verte bestemt gjennom ei randomisert utveljing frå ulike alternative oppgåver. |