Semestre
PPU-DID1TD Didaktikk 1 Teater og drama
Fagdidaktikk i drama og teater kvalifiserer studenten for undervising i drama og teater i grunnskulen, i vidaregåande opplæring og i folkehøgskulen. Studiet kvalifiserer også for faglig/pedagogisk verksemd i td. kulturskuler, museum eller andre organisasjonar og institusjonar som driv med formidling gjennom drama og teater. Studiet gir kunnskap om ulike undervisningsstrategiar, læremiddel og arbeidsmetodar knytt til arbeid med drama og teater som kunst- og kulturelt uttrykk, og innsikt i og erfaring med korleis barn og unge kan arbeide med kunstnarlege prosessar fram til ei framsyning.
Emnet er ein del av praktisk pedagogisk utdanning for allmenne fag, og må sjåast i samanheng med pedagogikk og praksis. Dei to emna i fagdidaktikk inngår som ein heilskapleg del av studiet praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag. Gjennom tverrfaglege modular i undervisningsplanen vert det synleggjort korleis emna i fagdidaktikk, pedagogikk og praksis samarbeider. Det første emnet i didaktikk er, saman med dei første emna i pedagogikk og praksis organisert rundt modulane 1, 2, 3 og 4.
Emnet skal, saman med det andre fagdidaktikkemnet, gje kunnskap om drama- og teaterfaget sin plass i skulen, utbreiing, progresjon og grunngjeving. Emnet skal gje innsikt i korleis relevant forsking kan bidra til formidling og tilrettelegging for læring gjennom drama. Gjennom fagdidaktikkundervisninga skal studenten få kunnskap om, og innsikt i eit breitt spekter av undervisningsstrategiar, læremiddel og arbeidsmetodar i aktuelle fag.
Ein del av undervisninga i emnet vert gitt under overskrifta “Felles fagdidaktikk”, medan i andre delar av undervisninga vil studenten vere i eigne undervisningsgrupper knytt til dei ulike undervisningsfaga studenten har undervisningskompetanse i. Detaljar rundt dette vil gå fram av Praksis og samlingsruta og undervisningsplanar for dei ulike faga.
Studentar med undervisningskompetanse i eitt undervisningsfag skal spesialisere seg i fagdidaktikken for dette faget, gjennom deltaking i undervisning, rettleiing, litteraturstudie og oppgåveskriving. Studentar med opptak med to fag skal utvikle kunnskapar og ferdigheiter i begge faga. Sjå under arbeidskrav for korleis dette vert gjort.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har:
- kunnskap om fagleg danning og utdanning i eit samfunn basert på demokrati, berekraftig utvikling, mangfald, likestilling og likeverd
- kunnskap om korleis praktiske, digitale, skapande og estetiske læreprosessar kan påverke helse, trivsel og læring
- kunnskap om undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt i drama og teater
- kunnskap om barn og unge si utvikling, motivasjon, læring og sosialisering med utgangspunkt i drama og teater
- kunnskap om samanheng mellom individuelle, sosiale, kulturelle og fagspesifikke forhold i arbeidet med tilpassa opplæring i drama- og teaterarbeid
- kunnskap om drama og teater sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen
Studenten kan:
- gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar
- leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar
- analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til drama og teater sin plass i skulen
- planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i drama og teater, tufta på mål for opplæringa, og lokale og individuelle behov
- bruke ulike metodar i undervisninga, og tilpasse opplæringa i drama og teater slik at den tek omsyn til eleven sitt ulike læringstempo, interesse for faget og evne til kritisk tenking
- bruke digitale ressursar som er sentrale for drama og teater
- planlegge forskningsbaserte utviklings- og endringsprosessar i drama og teaterfaget
Studenten kan:
- vise og utøve ei autonom og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt
- orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, både på Campus og på nett.
Undervisning vil bli gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk), og i gruppe i drama og teater. Studenten vil få arbeidskrav tilpassa studenten sin fagbakgrunn, og med tilbod om individuell rettleiing.
Studentene vil arbeide med:
- praktisk/kunstnarleg arbeid
- seminar og førelesing
- prosjektarbeid og framføring
- sjølvstudium
- gruppearbeid
- rettleiing
Skriftleg dokumentasjon i form av rapportar, prosess/produktevaluering, scenarier, oppgåveskriving m.m., vert knytt til både det praktiske og teoretiske arbeidet.
Frammøtekrav:
Emnet krev aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning og organiserte læringsaktivitar er obligatorisk. For å kunne ta eksamen må studenten ha eit godkjent oppmøte på minimum 80%. Les om frammøtekrav i forskrifta om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A74-6
Arbeidskrav:
Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart.
Del A) Levere eit arbeid tilsvarande ca 2000 ord (ca. 5 sider), knytt til undervisning og aktuelle fagdidaktiske problemstillingar.
Del B) I tillegg skal alle studentar anten:
Alternativ 1, for studentar med opptak i eitt undervisningsfag: Ha godkjent skisse for praksisretta prosjekt, med førebels litteraturliste.
eller
Alternativ 2, for studentar med opptak i to undervisningsfag: Ha godkjent deltaking i obligatoriske aktivitetar og undervisning knytt til sekundært fag tildelt gjennom opptaket, og som går fram av opptaksbrev.
- Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 8 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Tema for eksamen vil verte bestemt gjennom ei randomisert utveljing frå ulike alternative oppgåver. |