Semestre
PPU-PED1 Pedagogikk 1
Ingen.
Pedagogikk i Praktisk Pedagogisk Utdanning (heiltid) utgjer totalt 30 studiepoeng, der 15 stp. vert teke haust (PPU-PED1) og 15 stp. vert teke vår (PPU- PED2). Dei andre 30 stp. er fagdidaktikk (jmf. eigne emneplanar for ulike fag).
Pedagogikkemnet PPU-PED1 (pedagogikk 1) er organisert i 4 modular. Desse er:
- Lærarrolla og klasseleiing.
- Læring og motivasjon.
- Spesialpedagogikk og inkludering.
- Psykososialt miljø
I tillegg til desse fire modulane, er vurdering, tilpassa opplæring og elevkunnskap gjennomgåande tema i heile emnet. Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap om og ferdigheiter i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (2015) og Nasjonale retningsliner for praktisk pedagogisk utdanning- allmennfag (2017). Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten:
- har kunnskap om sentrale styringsdokument for skulen si verksemd, inklusiv lov og planverk med relevans for skulen.
- har kunnskap om leiing av elevar sine læringsprosessar og korleis ein kan fremje sjølvregulert læring.
- har kunnskap om kommunikasjon og korleis ein som lærar kan byggje relasjonar til enkeltelevar, elevgrupper, foreldre og øvrige samarbeidsinstansar for skuleverket
- har kunnskap om samanhengar mellom individuelle, sosiale og kulturelle faktorar i arbeidet med tilpassa og inkluderande opplæring.
- har kunnskap om mangfaldet i elevgruppa sine lære- og utviklingsføresetnader.
- har kunnskap om observasjon som metode i pedagogisk arbeid.
- har kunnskap om korleis ein skapar eit godt psykososialt miljø i skulen, og kvifor dette er viktig for læring.
Kandidaten kan
- planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap.
- bruke og vise til relevant pedagogisk teori og forsking for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk fagleg utviklingsarbeid.
- leie, rettleie og motivere elevar, og skape konstruktive, meiningsfylte og inkluderande læringsmiljø.
- arbeide proaktivt og systematisk med å byggje eit inkluderande fellesskap som fremjar trivsel og læring for alle.
- bygge relasjonar, kommunisere og samarbeide med elevar, føresette, kollegaer og andre tilsette ved skulen.
Kandidaten kan:
- formidle pedagogiske og fagdidaktiske problemstillinga på høgt nivå, og formidle kunnskap om sentrale problemstillingar i utdanningsforsking.
- planlegge , gjennomføre og evaluere undervisning i tråd med relevante styringsdokument.
- reise problemstillingar, undersøke og drøfte desse gjennom teoretisk og empirisk kunnskap og dermed medverke til utvikling og endring av eigen praksis.
- analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule, arbeids- og samfunnsliv.
- kan byggje gode relasjonar med elevane, og skape ein god kultur for læring i elevgruppa.
Mykje av undervisninga går føre seg på campus i Volda. Men det kan og bli brukt digitale plattformar.
Arbeidsmåtane i studiet blir ein kombinasjon av forelesningar, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum, sjølvstudium og digital dialog i plenum. Gjennom studiet vert det lagt vekt på at kunnskap blir danna gjennom teoretiske studie, praksis og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervisning, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.
Ein del av undervisninga kan bli gjennomført digitalt. Studenten må difor ha tilgjenge eigna utstyr med internett, kamera, høgtalar/headset og mikrofon.
Studentane skal bli organisert i faste læringsgrupper som nyttast gjennom året. Samansetninga av gruppene blir bestemt av emneansvarleg på PPU- PED1.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, arbeid i grupper, seminar og andre læringsaktivitetar på studiet. Viser elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om frammøte/deltaking i undervisninga.
Arbeidskrav
- Skriftleg refleksjonsoppgåve. Omfang 2000 ord +/- 10%.
- Munnleg presentasjon av fagstoff henta frå PPU - PED1.
Studentane skal ta del i og gi tilbakemelding til kvarandre i arbeidskrav 2.
Nærare retnngslinjer for arbeidskrava vert gitt i undervisningsplan og oppgåvetekst
Hensikta med arbeidskrava er både å dokumentere forståing av dei pedagogikkfaglege tema, og å få praktisk trening i skriftleg og munnleg framstilling, kollegial rettleiing, digitale ferdigheiter og undervisningsplanlegging. Dette er alle sentrale ferdigheiter i profesjonsutøvinga.
Begge arbeidskrava må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen (Jmf § 4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda).
- Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Eksamen består av to delar, del A og del B. Del A er grunnlag for karaktersetjing i pedagogikk, og del B er grunnlag for karaktersetjing i didaktikk. Ved kontinuasjon i berre eine emnet vil eksamenstid vere 2 dagar, og omfang tilsvarande om lag 2000 ord. | Alle | Tilsvarande inntil 4000 ord. |