Semestre
- 2025 Haust
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
PPU-PRA1 Praksisplan PPU heiltid 1. periode
Ingen.
Praksisplanen byggjer på Forskrift om Rammeplan for Praktisk-pedagogisk utdanning av 21.desember 2015. Praksisplanen skal saman med emneplanane vere eit utrykk for konkretisering av rammeplanen sine målområde og mål. PPU er yrkesretta og praksis har ei særstilling. I praksisopplæringa skal studentane få erfaring med ulike aktivitetar som inngår i ein lærar sin arbeidsdag og gradvis utvikle sin profesjonskunnskap gjennom å prøve ut og analysere eigne faglege og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa skal vere rettleia, integrert, relevant og variert, og er ein læringsarena på lik line med opplæringa ved høgskulen.
Omfanget av praksis er sett til 60 dagar. Den første praksisperioden på 30 dagar vert gjennomført i haustsemesteret.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne :
Kandidaten:
har erfaringsbasert kunnskap om læring, læreprosesser, arbeidsmåtar, læremidler og vurderingsformer
har erfaringsbasert kunnskap om samspel mellom elevar og mellom elevar og lærar, om klasseleiing og teamarbeid
har erfaringsbasert kunnskap om læraren si rolle, rettigheiter og plikter
Kandidaten:
kan planlegge, tilpasse, gjennomføre og vurdere opplæring åleine og saman med andre
kan variere og grunngje eit utval av undervisingsmetodar, sjølvstendig og i lag med eleven
kan utvikle mål for opplæringa og vurdere i kva grad elevane har nådd læringsmåla gjennom formativ og summativ vurdering
Kandidaten:
kan reflektere over fag, undervising og elevane si læring i lys av aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv
kan byggje gode relasjonar og kommunisere godt med elevar og kollegaer
kan ta imot og reflektere over rettleiing gitt av praksislærar
Det vert utarbeidd studie- og praksisrute som klargjer nøyaktig tidfesting av praksisperioden. Studentane skal ha praksis både på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. Til vanleg er praksisperioden i haustsemesteret i ungdomsskulen og praksisperioden i vårsemesteret i vidaregåande skule. Studentar med fagbakgrunn i fellesfaga i vidaregåande opplæring bør ha praksis på ulike utdanningsprogram. Første praksisperiode har eit omfang på 30 dagar. Her inngår både observasjonspraksis og rettleia praksis. Praksislærar si hovudoppgåve er å legge til rette for studenten sin praksis, lage plan for praksisperioden i lag med student og å leie rettleiingsøktene. Ei rettleiingsøkt består av tre delar: Før-rettleiing, observasjon av studenten sitt arbeid med klassa/elevgruppa og etter-rettleiing. Rettleiing frå praksislærar har som føremål å medverke til at studenten får utvikla eigen forståing av kva det vil seie å vere lærar. Refleksjon over planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning vil vere viktig i studenten sin utvikling av profesjonskompetanse. Studenten sitt ansvar er å vere aktiv og interessert deltakar i praksis, og ta sitt ansvar i rettleiinga. Studenten skal før kvar rettleiingsøkt levere ein skriftleg plan for timen/undervisingsøkta til praksislærar, eventuelt faglærar og med-student om det er behov for det. Denne planen med bestilling av rettleiingsdokument, og eventuelt andre skriftlege dokument, til dømes logg eller arbeidsplan, vil vere utgangspunkt for rettleiingssamtalane før og etter gjennomføring av undervisningsøkta.
Etter avslutta praksis skal praksislærar gi ei skriftleg individuell vurdering med karakteren stått/ikkje stått. Vurderinga vert gitt med grunnlag i læringsutbytte og vurderingskriterier for praksisperioden. Studenten skal ha kopi av sluttvurderinga og legge den fram for praksislærar i praksismøte før for andre praksisperiode.
Det er obligatorisk frammøte til praksis. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- PPU-R15
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individuell | semester | Stått eller ikkje stått | Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-8 |