Semestre

PPU1-R15 Pedagogikk 1

Emnekode: 
PPU1-R15
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
Eksamenssemester: 
2017 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Pedagogikk i Praktisk Pedagogisk Utdanning (heiltid) utgjer totalt 30 studiepoeng, der 15 stp. vert teke haust (emne PPU1-R15) og 15 stp. vert teke vår (emne PPU2-R15). Dei andre 30 stp. er fagdidaktikk (jmf. eigne emneplanar for ulike fag).

Pedagogikkemnet PPU1-R15 er organisert i 4 delemne. Desse er:

1. Innføring i pedagogikkfaget

2. Læring, vurdering  og motivasjon 

3. Tilpassa opplæring og elevkunnskap

4. Leiing av læreprosessar

Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap om og ferdigheiter i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (2015). Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

o     teoretiske perspektiv på danning, utvikling og læring

o     samanhengar mellom individuelle, sosiale og kulturelle faktorar i arbeidet med tilpassa opplæring, likeverd og fråfallsproblematikk

o     skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringslaupet

o     mangfaldet i elevgruppa og om barn og ungdom si utvikling og læring

o     ulike former for vurdering og samspelet mellom vurdering og motivasjon

o     observasjon som metode

Ferdigheiter

Studenten kan:

o     leie, rettleie og motivere elevar, og skape konstruktive, meiningsfylte og inkluderande læringsmiljø

o     planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap

o     reflektere over og utvikle eigen praksis i møte med eleven sine føresetnader, interesser og behov med bakgrunn i ulike teoretiske perspektiv

o     bruke og vise til relevant pedagogisk teori og forsking for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk fagleg utviklingsarbeid

Generell kompetanse

Studenten:

o     har kunnskap om sentrale problemstillingar i utdanningsforsking

o     har kunnskap om lov- og planverk og innsikt i ulike profesjonsteoretiske utfordringar

o     kan reise problemstillingar, undersøke og drøfte desse gjennom teoretisk og empirisk kunnskap og dermed medverke til utvikling og endring av eigen praksis

o     har kunnskap om korleis byggje gode relasjonar til elevar

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisning i plenum og grupper, samt arbeid i grupper og seminar.  

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet. Viser elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om frammøte/deltaking i undervisninga.

Arbeidskrav:

Arbeidskravet er knytt til observasjonspraksis. Omfang: 1500 -2000 ord. Times New Roman 12 pkt. og linjeavstand 1,5. Nærare retningslinjer for arbeidskravet vert gitt i semesterplanen. Arbeidskravet må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen (Jmf § 4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda).

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Stine Margrethe Ekornes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • PPU-R15
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Times New Roman 12 pkt., linjeavstand 1,5
Om lag 4000 (+/- 10%)