Semestre

PPU121-15 PPU: Fagdidaktikk – Religion, livssyn og etikk, 15 stp

Emnekode: 
PPU121-15
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
2018 Vår
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet skal gje studenten inngåandekunnskap og dugleik til å undervise i KRLE-faget og RE-faget i norsk skule. Religion og livssynsfaga er både verdifag og kulturfag og emnet tar opp dei sentrale fagdidaktiske tema i formidling av religionar, livssyn, filosofi og etikk. Emnet skal bidra til å forstå den norsk kulturarva og det fleirkulturelle samfunnet, slik at studenten kan vere i stand til å skapa eit læringsmiljø som gjev elevane del i slik kunnskap og fremjar forståing og respekt mellom ulike religionar og livssyn.

Følgjande deltema særleg i fokus:

  1. Faga si eigenart, utvikling og legitimering. Dei ulike dimensjonane ved religionane og korleis desse bør vere synlege i undervisninga.
  2. LK-06, mål og utfordringar. Fritaksretten. Fagleg innhald.
  3. Elevføresetnadar, lærarrolle og yrkesetikk.
  4. Arbeidsmåtar i religions- og livssynsundervisninga, tilpassing og differensiering. Vurdering i faget.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • inngåande kunnskap om læreplanarbeid i KRLE-faget på grunnskulen og i RE-faget på vidaregåande skule
  • inngåande kunnskap om dei grunnleggande prinsippa i formidling av faga
  • bred kunnskap om KRLE-fagets og RE-fagets historie
  • inngåande kunnskap om ulike arbeidsmåtar og metodar i faget
  • inngåande kunnskap om det å undervise i ulike religionar og livssyn
Ferdigheiter
  • ferdigheiter i å kunne undervise i KRLE-faget i grunnskulen frå 5.-10. årssteg
  • ferdigheiter i å kunne undervise i RE-faget i vidaregåande skule i studieførebuande utdanningsprogram
  • ferdigheiter til å reflektere over sentrale utfordingar i faget
  • ferdigheiter i å fremje forståing og toleranse mellom ulike religionar og livssyn
Generell kompetanse
  • kan reflektere over pedagogiske og fagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå
  • har ei profesjonell holdning og kan kritisk reflektere over faglege og profesjonsetiske spørsmål
  • kan byggje relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Læringsarbeidet skjer på to ulike nivå: Eit nivå for felles fagdidaktikk og eit nivå for RLE-fagdidaktikk. Delar av undervisninga i fagdidaktikk er organisert som tverrfagleg tematisk fellesundervisning (felles fagdidaktikk). Det er obligatorisk frammøte til undervisning i fagdidaktikk på alle nivå

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeid med innhald frå alle delemna, inkludert (tema i) felles fagdidaktikk, skal dokumenterast gjennom to fagtekstar. Kvar av dei skal vere på 2000 ord. Den eine av fagtekstane skal vere knytt til studenten sitt praksisfelt. Tekstane vert skrivne med obligatorisk innlevering av utkast undervegs i skriveprosessen med fastsette innleveringsdatoar for produkta.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Knut-Willy Sæther
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • PPU-R15
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Dei to fagtekstane (jf. arbeidskrav) vert endelige leverte som eksamenstekstar og vert vurdert samla. Det blir gitt ein førebels karakter på mappa.
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Munnleg justerande eksamen dekkjer heile pensum. Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren.
Det er ingen tillatne hjelpemiddel til munnleg eksamen