Semestre
PPU122-30 PPU: Fagdidaktikk - Matematikk, 30 stp
Ingen.
På grunnlag av gjennomførte fagstudium i matematikk gir fagdidaktikkstudiet, saman med resten av emna i PPU, studentane grunnlag og ferdigheit til å planlegge og gjennomføre ei variert og reflektert undervisning i matematikk for elever i grunnskole og vidaregåande skule. Innhaldet i emnet er i stor grad konsentrert om matematikk slik vi finn det i planverket for årsstega 5–11 og studieretningsfaga i vidaregåande skule.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- inngåande undervisningskunnskap i matematikk som elevane arbeider med
- oppdatert kunnskap om innhald i matematikkfaget på dei ulike stega i grunn- og vidaregåande skule
- kunnskap om eit brei metoderepertoar for undervisning i matematikk
- kunnskap om matematikken sin eigenart, historiske utvikling og plass i samfunnet
- kunnskap om å rekne, uttrykkje seg munnleg, lese, uttrykke seg skriftleg og kunne bruke digitale verkty i matematikk
Studenten skal
- kunne planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning i matematikk for alle elevar, forankra i forsking, teori og praksis
- ha gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikk, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
- kunne bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngjevingar og argument
- kunne analysere og vurdere elevane sine tenkjemåtar, argumentasjon og løysingsmetodar frå ulike perspektiv på kunnskap og læring
Studenten
- kan reflektere over matematikkdidaktiske problemstillingar
- har ei profesjonell holdning og kan kritisk reflektere over faglege og fagpolitiske spørsmål
- kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen didaktiske kompetanse og bidra til elevar si faglege utvikling
Arbeidsmåtane vil veksle mellom lærarstyrt undervisning og at studentane arbeider på eiga hand. Deler av undervisninga inneber praktisk arbeid med matematikk, og drøftingar i samband med dette, medan andre delar er organisert som førelesingar.Delar av det faglege innhaldet er av ein slik generell art at det vert undervist samla for alle faga i PPU. Denne undervisninga er organisert som tverrfagleg tematisk fellesundervisning (felles fagdidaktikk) for alle faga samla.Nokre tema vert undervist felles for naturfag og matematikk.
Studentane skal skrive tre fagtekstar på 1800-2500 ord kvar, og ei på 3600 – 5000 ord. Studentane skal også ha ei munnleg framføring knytt til fordjupingsoppgåva.
Meir utfyllande informasjon om desse oppgåvene vert gitt etter studiestart og leveringsfristar går fram av semesterplanen.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Frammøte i emnet er også knytt til undervisninga i felles fagdidaktikk. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- PPU-R15
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | - | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |
-den lengste av arbeidskravtekstane
-to av dei tre korte arbeidskravtekstane valt av studenten sjølv
-ei presentasjonstekst på 800–1200 ord der studenten presenterer fagtekstane og arbeidet med dei og grunngir valet av tekstar.