Semestre
PPU122-30 PPU: Fagdidaktikk - Matematikk, 30 stp
Ingen.
På grunnlag av gjennomførte fagstudium i matematikk gir fagdidaktikkstudiet, saman med resten av emna i PPU, studentane grunnlag og ferdigheit til å planlegge og gjennomføre ei variert og reflektert undervisning i matematikk for elever i grunnskole og vidaregåande skule. Innhaldet i emnet er i stor grad konsentrert om matematikk slik vi finn det i planverket for årsstega 5–11 og studieretningsfaga i vidaregåande skule.
-
Studenten
- har undervisningskunnskap i matematikk som elevane arbeider med
- har kunnskap om innhald i matematikkfaget på dei ulike stega i grunn- og vidaregåande skule
- har kunnskap om eit breitt metoderepertoar for undervisning i matematikk
- har kunnskap om matematikken sin eigenart, historiske utvikling og plass i samfunnet
- har kunnskap om å rekne, uttrykkje seg munnleg, lese, uttrykke seg skriftleg og kunne bruke digitale verkty i matematikk
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning i matematikk for alle elevar, forankra i forsking, teori og praksis
- har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikk, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
- kan bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngjevingar og argument
- kan analysere og vurdere elevane sine tenkjemåtar, argumentasjon og løysingsmetodar frå ulike perspektiv på kunnskap og læring
-
Arbeidsmåtane vil veksle mellom lærarstyrt undervisning og at studentane arbeider på eiga hand. Deler av undervisninga inneber praktisk arbeid med matematikk, og drøftingar i samband med dette, medan andre delar er organisert som førelesingar.
Delar av det faglege innhaldet er av ein slik generell art at det vert undervist samla for alle faga i PPU. Denne undervisninga er organisert som tverrfagleg tematisk fellesundervisning (felles fagdidaktikk) for alle faga samla.
Nokre tema vert undervist felles for naturfag og matematikk.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §7-3.
Studentane skal skrive tre fagtekstar på 1800-2500 ord kvar, og ei på 3600 – 5000 ord.
Meir utfyllande informasjon om desse oppgåvene vert gitt etter studiestart og leveringsfristar går fram av semesterplanen.
Studiet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | - | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Mappevurdering der mappa inneheld følgjande element: -den lengste av arbeidskravtekstane -to av dei tre korte arbeidskravtekstane valt av studenten sjølv -ei presentasjonstekst på 800–1200 ord der studenten presenterer fagtekstane og arbeidet med dei og grunngir valet av tekstar. |