Semestre

PPU124-15 PPU: Fagdidaktikk - Musikk , 15 stp

Emnekode: 
PPU124-15
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Pensum: 

Pensumlister vert gjort tilgjengelege som pdf-filer innen vedteken frist for gjeldande semester. 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet er ein del av studieprogrammet Praktisk pedagogisk utdanning allmenn heiltid. Emnet skal gi studenten grunnleggande kunnskap og dugleik til å undervise i musikk i norsk skule. Følgjande fagdidaktiske områda inngår i studiet:

  • musikk som undervisningsfag med omsyn til musikksyn, musikkpedagogiske retningar og legitimering av faget
  • planarbeid som omfattar arbeid med aktuelle læreplanar og planlegging av musikkpedagogisk verksemd
  • aktuelt lærestoff og varierte arbeidsformer
  • tilpassa opplæring
  • IKT i musikkpedagogisk arbeid
  • vurdering og rettleiing i musikkfaget
  • førebuing og refleksjon knytt til praksis
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskapar om:

  • musikkfaget sin eigenart, utvikling og legitimering
  • gjeldande læreplanar i faget og fagplanhistorie
  • analyse av læreplanar og læremiddel
  • planlegging, gjennomføring, vurdering og grunngjeving av musikkpedagogisk verksemd tilpassa den einskilde elev og elevgruppe
  • musikkpedagogisk verksemd som lekk i ein større kulturell og samfunnsmessig heilskap
Ferdigheiter

Studenten er i stand til å:

  • planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje musikkpedagogisk verksemd
  • bruke varierte arbeidsmåtar og digitale læringsverkty i musikkundervisninga, og å tilpasse desse den einskilde elev og elevgruppe 
Generell kompetanse
  • kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng
  • følgje med og skape fornying innanfor fagfeltet
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet er praksisbasert, og faget set krav til eige studiearbeid, individuelt og i grupper. Oppgåvearbeid med individuell rettleiing.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Fråmmøte: Det er obligatorisk frammøte til all undervisning (Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7 - 3).

Arbeidskrav: Studenten skal skrive tre fagtekstar, to på 2000-2500 ord, og ein på 4000-4500 ord. To av fagtekstane skal vere knytt til praksis. Arbeida skal vere godkjende før studenten kan ta eksamen. Arbeida vert vurderte med godkjend/ikkje godkjend.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Stein Helge Solstad
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • PPU-R15
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Eksamensmappa skal innehalde to av dei faglege arbeida, - ein på 4000-4500 ord og ein på 2000-2500 ord. Studenten leverer også ein presentasjonstekst på 600-800 ord som inneheld refleksjon over dei innleverte tekstane.