Semestre
PPU125-30 PPU: Fagdidaktikk - Drama/teater, 30 stp
Ingen
Praktisk-pedagogisk utdanning i drama og teater kvalifiserar studenten for lærararbeid; undervising i drama i grunnskulen, i vidaregåande opplæring og i folkehøgskulen. Utdanninga kvalifiserar også for faglig/pedagogisk verksemd i td. kulturskuler eller amatørteater. Studiet gir innsikt i og erfaring med ulike undervisningsformer knytt til drama og teater som kunst- og kulturelt uttrykk. Studiet gir også kunnskap om korleis ein kan arbeide med drama/teater i andre fag og korleis barn og unge kan arbeide med kunstnariske prosessar fram til ei framsyning.
PPU er eit praksisbasert og yrkesretta studium, og den nære tilknyttinga til praksisfeltet krever at studenten forpliktar seg til, og tar ansvar både for eigen utvikling og for samarbeid i grupper. Emnet handlar om å gjere seg kjend med grunnlegjande problemstillingar knytt til undervisningsarbeid i drama og teater, slik det kjem til uttrykk i skuleverket sine læreplanar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om ulike modellar for drama- og teaterformidling som kan gjere teaterkunst tilgjengeleg for eit bredt barne- og ungdomspublikum.
- har kunnskap om teaterfaga si plass og vekt i opplæringa, læreplanutvikling og fagområdet si stilling og potensial for utvikling i opplæringssystemet.
- har kunnskap om drama- og teaterteoretiske teoriar og problemstillingar.
- har kunnskap om utvalde drama- og teaterdidaktiske metoder.
- har kunnskap om ulike vurderingsformer som egner seg i drama og teater.
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere undervisingsopplegg med utgangspunkt i læreplanar, og tilpasse undervisinga til elevene sine forutsettingar, interesser og ulike rammefaktorar.
- kan reflektere over fagområdet sine utfordringar både skriftleg og munnleg.
- kan tilretteleggje for arbeid med estetiske læreprosessar knytt til teaterformidling.
- kan vurdere arbeidet elevane gjer.
- kan planleggje, grunngje, tilretteleggje og instruere opplæring som siktar mot sceniske presentasjonar.
Studenten
- har innsikt i læreplananalyse og i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar.
- kan nyttegjere seg rettleiing og grunngje vala sine.
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid.
Studentene vil arbeide med:
- praktisk/kunstnarleg arbeid
- seminar
- førelesing
- prosjektarbeid
- framføring
- sjølvstudium
- gruppearbeid
- rettleiing
Skriftleg dokumentasjon i form av rapportar, prosess/produktevaluering, scenarier, oppgåveskriving m.m., vert knytt til både det praktiske og teoretiske arbeidet.
Frammøtekrav:
- Emnet aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning er obligatorisk. For å kunne ta eksamen må studenten ha eit godkjent oppmøte på minimum 80%. Frammøte i emnet er også knytt til undervisninga i felles fagdidaktikk.
Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.
Arbeidskrav:
Det er fem arbeidskrav på emnet:
- Eit praktisk arbeidskrav med skriftleg refleksjon: Studentane skal individuelt eller i gruppe planleggje og gjennomføre eit dramaopplegg i ei elevgruppe. Deretter skal studentane skrive eit fagdidaktisk refleksjonsnotat (ca. 1500 - 2000 ord) knytt til eigen vurdering av dette dramaopplegget. Dei skal også gje respons til ein medstudent (omlag 500 ord).
- Eit praktisk arbeidskrav knytt til teaterformidling: Eit individuelt framlegg for medstudentar og emneansvarleg. Oppgåva vert delt ut av emneansvarleg.
- Tre skriftlege arbeidskrav: Studentane skal lever tre fagtekstar på omlag 2500 ord, knytt til fagdidaktiske emne vi tek opp i undervisinga.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- PPU-R15
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 veke | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | To av dei tre skriftlege arbeidskrava skal leverast, saman med ei refleksjonstekst på omlag 1500 ord, der kandidaten reflekterer over arbeidet sitt. | Alle | omlag 5500 ord. |