Semestre

PPU126-15 PPU: Fagdidaktikk - Formgjeving/Kunst og handverk, 15 stp

Emnekode: 
PPU126-15
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
2019 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Didactics of art and craft
Emnenavn på bokmål: 
PPU: Fagdidaktikk - Formgjeving/Kunst og handverk, 15 stp
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet er ein del av studieprogrammet Praktisk pedagogisk utdanning allmenn, heiltid. Emnet skal gje studenten grunnleggande kunnskap og ferdigheiter til å undervise i faga Kunst og handverk (KOH) og Studieprogram for kunst, desgin og arkitektur (KDA), i norsk skule. Studiet skal også bidra til å auke studentane sin fagdidaktiske refleksjon rundt faga. Desse fagdidaktiske områda er felles for alle: fagplanhistorie, tilpassa opplæring, didaktiske utfordringar knytte til elevar som ikkje har norsk som morsmål, og dei fem grunnleggande ferdigheitene (digitale, munnlege, lese, rekne, skrive).

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om undervisningsplanlegging og vurdering i faga KOH og KDA, tilpassa den enkelte elev og elevgruppe
  • har kunnskap om gjeldande læreplan og fagplanhistorie
  • har kunnskap om ulike arbeidsmåtar i faga, også dei digitale
  • har kunnskap om grunnleggjande fagdidaktiske omgrep og evne til å utøve fagkritikk
  • har forståing for fagfeltet sin eigenverdi, i historisk, samfunnsmessig og kulturelt perspektiv.
Ferdigheiter

Studenten:

  • har ferdigheiter i å planlegge undervisning og læring i skulefaga KOH og KDA, med utgangspunkt i fagtradisjon, læreplanverk og ulike typar av læremiddel
  • kan vurdere samanhengen mellom mål, arbeidsformer, læremiddel og vurderingsformer
  • kan reflektere over og bruke ulike former for vurdering i skulefaga KOH/KDA, og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og faglege utvikling i faget
  • kan bruke og vurdere ulike arbeidsmåtar innanfor KOH/KDA faga
  • kan bruke og vurdere digitale verktøy og kjelder i opplæringa, og bidra til at elevane kan forholde seg aktivt og kritisk til digitale media og verkty.

 

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan reflektere over eiga profesjonsutøving og utvikle undervisningsmetodar tilpassa den enkelte elev
  • kan identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevar si læring og utvikling i KOH/KDA faga
  • kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar til konstruktiv og kritisk refleksjon
  • har utvikla eigen vurderings- og rettleiingskompetanse, og ser korleis vurdering inngår som ein integrert del av alle læringsopplegg.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Læringsarbeidet vil skje på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk fag) og i gruppe i det enkelte fag (formgjeving/kunst og handverk).

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøte: Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Frammøte i emnet er også knytt til undervisninga i felles fagdidaktikk. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking. 

3 fagtekstar på omlag 2000 ord (to av dei med praktisk arbeid), innlevert til avtalt tid og godkjend.

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
12
Emneansvarleg: 
Karen Brænne
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • PPU-R15
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
To av fagtekstane på omlag 2000 ord. En presentasjonstekst på omlag 1000 ord.
Godkjent av: 
Aud Folkestad