Semestre
PPU126-15 PPU: Fagdidaktikk - Formgjeving/Kunst og handverk, 15 stp
Ingen
Emnet er ein del av studieprogrammet Praktisk pedagogisk utdanning allmenn heiltid. Gjennom undervisning i felles fagdidaktikk vert det gitt innføring i sentrale felles fagdidaktiske område som : fagplanhistorie, tilpassa opplæring, didaktiske utfordringar knytte til elevar som ikkje har norsk som morsmål, dei fem grunnleggande ferdigheitene (lesing, skriving, munnleg, rekning og IKT) og nasjonale prøver.
Innhaldet i fagdidaktikk formgjeving/kunst og handverk vil vere:
- faget si grunnlagstenking knytt til eigenart og posisjon i skulen i eit historisk perspektiv
- planarbeid som omfattar arbeid med aktuelle læreplanar og planlegging av undervisning, herunder tilpassa opplæring, varierte arbeidsformer, tverrfagleg verksemd, prosjektarbeid og IKT i faget (utvikling av lokal læreplan)
- Vurdering og rettleiing
- Førebuing og refleksjon knytt til praksis
Læringsutbytte er henta frå studieplanen som bygger på Rammeplan for praktisk- pedagogisk utdanning, fastsett 21. desember 2015 av Kunnskapsdepartementet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- planlegging, gjennomføring, vurdering og grunngjeving for undervisning i faget tilpassa den enkelte elev og elevgruppe
- grunnleggjande fagdidaktiske omgrep og evne til å utøve fagkritikk,
- å fornye og utvikle faget både i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
- forståing for fagfeltet sin eigenverdi, i historisk, samfunnsmessig og kulturelt perspektiv
- barn og unge i vanskelege livssituasjonar, herunder kunnskap om vold og seksuelle overgrep, og om barn og unge sine rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv.
- korleis skulen kan jobbe for å fremje helse og trivsel hos barn og unge.
Studenten har ferdigheiter i:
- å planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje formgjeving-, kunst og handverkspedagogisk verksemd
- å identifisere særskilde behov hos barn og unge, herunder identifisere, teikn på psykiske vanskar, vold eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten raskt kunne setje i verk nødvendige tiltak.
Studenten:
- kan reflektere over eigen profesjonsutøving og utvikle undervisningsmetodar tilpassa den einskilde eleven
- kan med utgangspunkt i fagleg erfaring, praksisrefleksjon og kjennskap til faglitteratur utvikle evne til å tenke nytt i faget
- kan rettleie og samarbeide med kollegaer for å styrke dei praktiske og estetiske dimensjonar i alle fag og i skulen som heilskap
Læringsarbeidet vil skje på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk fag) og i gruppe i det enkelte fag (formgjeving/kunst og handverk).
3 fagtekstar på omlag 2500 ord, innlevert til avtalt tid og godkjend.
Det er obligatorisk frammøte til undervisninga. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
- PPU-R15
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | To av fagtekstane på omlag 2500 ord. En presentasjonstekst på omlag 1000 ord. |