Semestre

PPUD-DID1ME Didaktikk 1 Mediefag

Emnekode: 
PPUD-DID1ME
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Media literacy and didactics
Emnenavn på bokmål: 
Didaktikk 1 Mediefag
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet er ein del av praktisk pedagogisk utdanning for allmenne fag, og skal saman med emna i pedagogikk og praksis, gi eit samla læringsutbytte som bidreg til at kandidatane utviklar ein trygg og tydeleg læraridentitet.

Emnet skal, saman med det andre fagdidaktikkemnet, gje kunnskap om eigne undervisningsfag sin plass i skulen, utbreiing, progresjon og grunngjeving. Emnet skal gje innsikt i korleis relevant forsking kan bidra til formidling og tilrettelegging for læring i aktuelle fag. Gjennom fagdidaktikkundervisninga skal studenten få kunnskap om, og innsikt i eit breitt spekter av undervisningsstrategiar, læremiddel og arbeidsmetodar i aktuelle fag.  

Ein del av undervisninga i emnet vert gitt under overskrifta Felles fagdidaktikk, medan i andre delar av undervisninga vil studenten vere i eigne undervisningsgrupper knytt til dei ulike undervisningsfaga studenten har undervisningskompetanse i. Detaljar rundt dette vil gå fram av Praksis og samlingsruta og undervisningsplanar for dei ulike faga. 

Studentar med undervisningskompetanse i berre eitt undervisningsfag skal spesialisere seg i fagdidaktikken for dette faget, gjennom deltaking i undervisning, rettleiing, litteraturstudie og oppgåveskriving. Studentar med opptak med to fag skal utvikle kunnskapar og ferdigheiter i begge faga. Sjå under arbeidskrav for korleis dette vert gjort.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha: 

  • Kunnskap om fagleg danning og utdanning i eit samfunn basert på demokrati, bærekraftig utvikling, mangfold, likestilling og likeverd. 
  • Kunnskap om barn og unge si utvikling, motivasjon, læring og sosialisering med utgangspunkt i aktuelle fag,  
  • Kunnskap om samanheng mellom individuelle, sosiale, kulturelle og fagspesifikke forhold i arbeidet med tilpassa opplæring.  
  • Kunnskap om aktuelle undervisningsfag sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen 
  • Kunnskap om undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt  
  • Kunnskap om korleis praktiske, digitale, skapande og estetiske læreprosessar kan påverke helse, trivsel og læring 
Ferdigheiter

Studenten skal kunne: 

  • analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til aktuelle fag sin plass i skulen 
  • planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i aktuelle fag, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov  
  • bruke ulike metodar i undervisninga, og tilpasse opplæringa i faget slik at den tek omsyn til eleven sitt ulike læringstempo, interesse for faget og evne til kritisk tenking 
  • bruke digitale ressurser som er sentrale for aktuelle fag 
  • gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar 
  • leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar. 
  • planlegge forskningsbaserte utviklings- og endringsprosessar knytt til aktuelt fag 
Generell kompetanse

Kandidaten skal kunne:

  • vise og utøve ein autonom og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt  
  • orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis  
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisning vil bli gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk), og i gruppe i aktuelle fag. Studenten vil få arbeidskrav tilpassa studenten sin fagbakgrunn, og med tilbod om individuell rettleiing. 

Krav om eigen datamaskin:

Du lyt ha eigen bærbar datamaskin (Pc / Mac) med eit oppdatert operativsystem og administrative rettar (https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2016-06-27-821).

Datamaskinen bør kunne importere, bearbeide og lagre lyd, bilete og videoklipp (i minimum full HD - 1920x1080p).

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til undervisning og andre læringsaktivitetar knytt til emnet.  Les om frammøtekrav i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Frammøtekrav gjeld undervisninga både i spesifikk fagdidaktikk og felles fagdidaktikk. 

Arbeidskrav:

Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart. 

Del A) Levere eit arbeid knytt til undervisning og aktuelle fagdidaktiske problemstillingar i primærfaget. 

Del B) Alternativ 1 er for studentar med berre eitt undervisningsfag (berre primærfag). Alternativ 2 er for studentar med to undervisningsfag (både primærfag og sekundærfag). 

Alternativ 1: Gjennomføre eitt didaktisk arbeid knytt til faglærarrolla i primærfaget. Arbeidsmengde skal tilsvare arbeidsmengde for alternativ 2.

Alternativ 2: Godkjent 80% frammøte i undervisning knytt til sekundærfag, tildelt gjennom opptaksbrev.

Vilkår for å fremstille seg til eksamen i PPUD-PED1 Pedagogikk 1 må være oppfylt for å fremstille seg til eksamen. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Stian Cornelius Fagerlid
Synnøve Hedemann Amdam
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Eksamen består av to delar, der ein del er grunnlag for karaktersetjing i didaktikk, og ein del grunnlag for karaktersetjing i pedagogikk.
Tilsvarande inntil 4000 ord.
Godkjent av: 
Silje Ims Lied