Semestre

PPUD-DID1MU Didaktikk 1 Musikk

Emnekode: 
PPUD-DID1MU
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Haust
2022 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Music didactics
Emnenavn på bokmål: 
Didaktikk 1 Musikk
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet er ein del av praktisk pedagogisk utdanning for allmenne fag, og må sjåast i samanheng med pedagogikk og praksis. Dei to emna i musikk fagdidaktikk inngår som ein heilskapleg del av studiet praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag. Gjennom tverrfaglege modular i undervisningsplanen vert det synleggjort korleis emna i fagdidaktikk, pedagogikk og praksis samarbeider. Det første emnet i musikk fagdidaktikk er, saman med dei første emna i pedagogikk og praksis organisert rundt modulane 1, 2, 5 og 6. 

Emnet skal, saman med det andre fagdidaktikkemnet, gje kunnskap om musikkfaget sin plass i skulen, utbreiing, progresjon og grunngjeving. Emnet skal gje innsikt i korleis relevant forsking kan bidra til formidling og tilrettelegging for læring i musikkfaget. Gjennom undervisninga skal studenten få kunnskap om, og innsikt i eit breitt spekter av undervisningsstrategiar, læremiddel og arbeidsmetodar i musikkfaget.  

Ein del av undervisninga i emnet vert gitt under overskrifta “Felles fagdidaktikk”, medan i andre delar av undervisninga vil studenten vere i eigne undervisningsgrupper knytt til dei ulike undervisningsfaga studenten har undervisningskompetanse i. Detaljar rundt dette vil gå fram av Praksis og samlingsruta og undervisningsplanar for dei ulike faga. 

Studentar med undervisningskompetanse i eitt undervisningsfag skal spesialisere seg i fagdidaktikken for dette faget, gjennom deltaking i undervisning, rettleiing, litteraturstudie og oppgåveskriving. Studentar med opptak med to fag skal utvikle kunnskapar og ferdigheiter i begge faga. Sjå under arbeidskrav for korleis dette vert gjort. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har: 

  • kunnskap om fagleg danning og utdanning i eit samfunn basert på demokrati, berekraftig utvikling, mangfald, likestilling og likeverd
  • kunnskap om barn og unge si utvikling, motivasjon, læring og sosialisering med utgangspunkt i musikk
  • kunnskap om samanheng mellom individuelle, sosiale, kulturelle og fagspesifikke forhold i arbeidet med tilpassa opplæring i musikk
  • kunnskap om musikkfaget sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen
  • kunnskap om undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt for musikkfaget
  • kunnskap om korleis praktiske, digitale, skapande og estetiske læreprosessar kan påverke helse, trivsel og læring
Ferdigheiter

Studenten: 

  • kan analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til musikkfaget sin plass i skulen
  • kan planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i musikkfaget, både som enkeltfag og i tverrfaglege samanhengar, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov
  • kan bruke ulike metodar i undervisninga, og tilpasse opplæringa i faget slik at den tek omsyn til eleven sitt ulike læringstempo, interesse for faget og evne til kritisk tenking 
  • kan bruke digitale ressursar som er aktuelle for musikkfaget
  • kan gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar
  • kan legge til rette for musikalsk erfaring og skaping, leie og motivere elevar i ulike typar arbeid med musikk, og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar
  • kan planlegge forskingsbaserte utviklingsarbeid og skapande prosessar knytt til musikkfaget 
Generell kompetanse

Kandidaten 

  • kan vise og utøve ei autonom og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt
  • kan orientere seg i faglitteratur og musikkpraksisar, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisning vil bli gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk), og i gruppe i aktuelle fag. Studenten vil få arbeidskrav tilpassa studenten sin fagbakgrunn, og med tilbod om individuell rettleiing. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga. Les om frammøtekrav i forskrifta om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A74-6  

Arbeidskrav:

Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart. 

Del A) Levere eit arbeid tilsvarande ca 2000 ord, knytt til undervisning og aktuelle fagdidaktiske problemstillingar i primærfaget.  

Del B) Alternativ 1 er for studentar med berre eitt undervisningsfag (berre primærfag). Alternativ 2 er for studentar med to undervisningsfag (både primærfag og sekundærfag). 

Alternativ 1: Godkjent skisse for praksisretta prosjekt, også med førebels litteraturliste. 

Alternativ 2: Godkjent deltaking i obligatoriske aktivitetar og undervisning knytt til sekundærfag.  

Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Elizabeth Anne Oltedal
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Eksamen består av to delar, del A og del B. Del A er grunnlag for karaktersetjing i pedagogikk, og del B er grunnlag for karaktersetjing i didaktikk. Ved kontinuasjon i berre eine emnet vil eksamenstid vere 2 dagar, og omfang tilsvarande om lag 2000 ord.
Tilsvarande inntil 4000 ord
Godkjent av: 
Unni Hagen