Semestre

PPUD-DID1SA Didaktikk 1 Samfunnsfag

Emnekode: 
PPUD-DID1SA
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet er ein del av Praktisk- pedagogisk utdanning for allmenne fag, og må sjåast i samanheng med pedagogikk og praksis. Dei to emna i fagdidaktikk inngår som ein heilskapleg del av studiet Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag. Gjennom tverrfaglege modular i undervisningsplanen vert det synleggjort korleis emna i fagdidaktikk, pedagogikk og praksis samarbeider. Det første emnet i didaktikk er, saman med dei første emna i pedagogikk og praksis organisert rundt modulane 1, 2, 5 og 6. 

Emnet skal, saman med det andre fagdidaktikkemnet, gje kunnskap om eigne undervisningsfag sin plass i skulen, utbreiing, progresjon og grunngjeving. Emnet skal gje innsikt i korleis relevant forsking kan bidra til formidling og tilrettelegging for læring i aktuelle fag. Gjennom fagdidaktikkundervisninga skal studenten få kunnskap om, og innsikt i eit breitt spekter av undervisningsstrategiar, læremiddel og arbeidsmetodar i aktuelle fag.  

Ein del av undervisninga i emnet vert gitt under overskrifta "Felles fagdidaktikk", medan i andre delar av undervisninga vil studenten vere i eigne undervisningsgrupper knytt til dei ulike undervisningsfaga studenten har undervisningskompetanse i. Detaljar rundt dette vil gå fram av "Praksis og samlingsruta", og undervisningsplanar for dei ulike faga. 

Studentar med undervisningskompetanse i berre eitt undervisningsfag skal spesialisere seg i fagdidaktikken for dette faget, gjennom deltaking i undervisning, rettleiing, litteraturstudie og oppgåveskriving. Studentar med undervisningskompetanse i fleire fag skal i så stor grad som mogleg utvikle kunnskapar og ferdigheiter i begge faga. Sjå under arbeidskrav for korleis dette vert gjort.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha: 

  • kunnskap om fagleg danning og utdanning i eit samfunn basert på demokrati, berekraftig utvikling, mangfald, likestilling og likeverd. 
  • kunnskap om barn og unge si utvikling, motivasjon, læring og sosialisering med utgangspunkt i aktuelle fag.  
  • kunnskap om samanheng mellom individuelle, sosiale, kulturelle og fagspesifikke forhold i arbeidet med tilpassa opplæring.  
  • kunnskap om aktuelle undervisningsfag sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen. 
  • kunnskap om undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt.  
  • kunnskap om korleis praktiske, digitale, skapande og estetiske læreprosessar kan påverke helse, trivsel og læring. 
Ferdigheiter

Studenten skal kunne: 

  • analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til aktuelle fag sin plass i skulen. 
  • planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i aktuelle fag, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov.  
  • bruke ulike metodar i undervisninga, og tilpasse opplæringa ulike læringstempo, interesse for faget og evne til kritisk tenking. 
  • bruke digitale ressursar som er sentrale for aktuelle fag. 
  • gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar. 
  • leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar. 
  • planlegge forskningsbaserte endrings- og utviklingsprosessar knytt til aktuelt fag. 
Generell kompetanse

Kandidaten skal kunne:

  • vise og utøve ein autonom og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt.  
  • orientere seg i faglitteratur, sette opp relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis.  
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisning vil bli gitt på to ulike nivå: i plenum ("Felles fagdidaktikk), og i gruppe i aktuelle fag. Studenten vil få arbeidskrav tilpassa fagbakgrunn, og med tilbod om individuell rettleiing. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga. Les om frammøtekrav i forskrifta om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A74-6  

Arbeidskrav:

Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart. 

Del A) Levere eit arbeid tilsvarande ca 2000 ord (ca. 5 sider), knytt til undervisning og aktuelle fagdidaktiske problemstillingar.  

Del B) I tillegg skal alle studentar anten: 

Alternativ 1, for studentar med undervisningskompetanse i eitt undervisningsfag: Ha godkjent skisse for praksisretta prosjekt, også med førebels litteraturliste.  

Alternativ 2, for studentar med undervisningskompetanse i to fag: Ha godkjent deltaking i obligatoriske aktivitetar og undervisning knytt til sekundærfag tildelt gjennom opptaket, og som går fram av opptaksbrev. 

 

Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Trudi Henrydotter Eikrem
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
8 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Tema for eksamen vil verte bestemt gjennom ei randomisert utveljing frå ulike alternative oppgåver.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 26.04.19