Semestre

PPUD-DID2SA Didaktikk 2 Samfunnsfag

Emnekode: 
PPUD-DID2SA
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Haust
2023 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Social Studies Didactics
Emnenavn på bokmål: 
Didaktikk 2 Samfunnsfag
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Gjennomført obligatoriske undervisnings- og læringsaktivitetar i didaktikkemne 1. 

Om emnet

Emnet er ein del av Praktisk- pedagogisk utdanning for allmenne fag, og må sjåast i samanheng med pedagogikk og praksis. Dei to emna i fagdidaktikk inngår som ein heilskapleg del av studiet Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag. Gjennom tverrfaglege modular i undervisningsplanen vert det synleggjort korleis emne og praksis samarbeider. Det andre emnet i didaktikk er, saman med det andre emnet i pedagogikk og praksis, organisert rundt fire modular. 

Emnet skal, saman med det andre fagdidaktikkemnet, utvikle kunnskap om eigne undervisningsfag sin plass i skulen, utbreiing, progresjon og grunngjeving. Emnet skal fremje innsikt i korleis relevant forskning kan bidra til formidling og tilrettelegging for læring i aktuelle fag. Gjennom fagdidaktikkundervisninga skal studenten utvikle kunnskap og innsikt om eit breitt spekter av undervisningsstrategiar, læremiddel og arbeidsmetodar i aktuelle fag.  

Emnet byggjer på det første emnet i fagdidaktikk. I dette andre emnet i fagdidaktikk vert det forventa at studenten viser auka evne til kritisk refleksjon, og kan setje lærarrolla og arbeidet som lærar inn i eit vidare perspektiv.  

Ein del av undervisninga i emnet vert gitt under overskrifta “Felles fagdidaktikk”, medan studenten i andre delar av undervisninga vil vere i eigne undervisningsgrupper i dei ulike undervisningsfaga som studenten har undervisningskompetanse i.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha: 

  • Brei kunnskap om danning og utdanning i eit samfunn basert på demokrati, berekraftig utvikling, mangfald, likestilling og likeverd. 
  • Inngåande kunnskap om barn og unge si utvikling, motivasjon, læring og sosialisering med utgangspunkt i aktuelle fag. 
  • Kunnskap om samanheng mellom individuelle, sosiale, kulturelle og fagspesifikke forhold i arbeidet med tilpassa opplæring.  
  • Inngåande kunnskap om undervisningsfaget sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen. 
  • Kunnskap om ulike digitale arbeidsformer relevante for eigne undervisningsfag. 
  • Brei kunnskap om undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt.  
Ferdigheiter

Studenten: 

  • kan analysere og drøfte utfordringar i læreplan og andre styringsdokument som gjeld faget sin plass i skulen. 
  • kan planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i fag tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov.  
  • kan bruke varierte og relevante metodar i undervisninga, og tilpasse opplæringa ulike læringstempo, interesse for faget og evne til kritisk tenking. 
  • kan vurdere og bruke digitale ressursar som er sentrale for det aktuelle faget, og vurdere korleis digitale ressursar fremjer læring i aktuelle fag. 
  • kan gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar.
  • kan leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle. 
  • kan planlegge og delta i forskingsbaserte endrings- og utviklingsprosessar i aktuelle fag, og kritisk vurdere desse i etterkant.  
  • kan gjennomføre profesjonsretta, praksisrelevante, sjølvstendige og avgrensa FoU-prosjekt i tråd med forskningsetiske normer. 
  • kan ivareta opplæringa for barn med samisk opphav, og for barn med ulike sosiale og kulturelle utgangspunkt. 

 

Generell kompetanse

Kandidaten 

  • kan vise og utøve ei autonom og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar, føresette og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt.  
  • kan orientere seg i faglitteratur, sette opp relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis.  
  • kan bidra til innovasjonsprosessar og ta ansvar for samarbeid og utviklingsarbeid som fremjer fagleg og pedagogisk nyskaping i opplæringa.  
  • kan bidra til kritisk analyse av utdanningspolitiske spørsmål og formål, ideologiar og praksisar og delta i samfunnsdebattar om utdanningspolitikk. 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervising og læringsaktivitetar vil bli gitt på to ulike nivå: i plenum ("Felles fagdidaktikk"), og i gruppe i aktuelle fag. Ein del av læringsaktivitetane vert gitt digitalt. Oppgåveskriving med individuell rettleiing tilpassa studenten sin fagbakgrunn. 

Studentar med undervisningskompetanse i eitt undervisningsfag skal spesialisere seg i fagdidaktikken for dette faget, gjennom deltaking i undervisning, rettleiing, litteraturstudie og oppgåveskriving. Studentar med opptak med to fag skal utvikle kunnskapar og ferdigheiter i begge faga. Studenten er meldt opp på primæremnet sitt, men skal også delta i undervisningsaktivitetar i sekundært fag. Sjå også under arbeidskrav. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Bestått didaktikkemne 1.  

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til undervisning og læringsaktivitetar. Les om frammøtekrav i forskrifta om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A74-6  

Arbeidskrav:

Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart. 

Del A) Levere to faglege arbeid tilsvarande om lag 1500 ord,  om aktuelle fagdidaktiske problemstillingar.

Del B) Alternativ 1 er for studentar med berre eitt undervisningsfag (berre primærfag). Alternativ 2 er for studentar med to undervisningsfag (både primærfag og sekundærfag)

Alternativ 1 (eittfaglege): Gjennomføre eit praksisretta prosjekt. Prosjektet kan gjerne vere tverrfagleg eller knytt til samarbeid mot eksterne aktørar. Prosjektet skal dokumenterast gjennom aktuelle multimodale former. Dokumentasjonen skal innehalde presentasjon for andre studentar. Dokumentasjonen må også synleggjere diskusjon og refleksjonar relatert til aktuell litteratur. Det skal vere sjølvvalt litteratur på rundt 300-500 sider knytt til arbeidet. 

Alternativ 2 (tofaglege): Godkjent deltaking i obligatoriske aktivitetar og undervisning i sekundærfag tildelt gjennom opptaket, og som går fram av opptaksbrev. Ha godkjent eit fagdidaktisk arbeid tilsvarande ca 2000 ord med utgangspunkt i sekundært fag. Det er det sekundære faget som har ansvar for arbeidskravet, men arbeidskravet skal inngå i eksamensmappe i emnet studenten er meldt opp i (primærfag). 

Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Kari Aslaug Hasle
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Alle studentar skal velje ut ei av dei to godkjende arbeidskrava under punkt A), i tillegg skal arbeid knytt til B) inngå i mappa. Arbeidet skal leverast saman med ei presentasjonstekst på omlag 1000 ord.
Godkjent av: 
Randi Bergem 03.03.2022