Semestre
PPUD-PED1 Pedagogikk 1
Ingen.
Lærarrolla, elevkunnskap, det psykososiale miljøet og skulen som organisasjon er hovudfokuset det fyrste studieåret PPU1D. Målet med emnet er å fremje utviklinga av ei i lærarkompetanse som førebur kandidaten til møtet med ein variert skulekvardag, ei mangfaldig elevgruppe og samfunnet sine forventningar til yrkesutøvinga.
Emnet legg og vekt på å utvikle eit fagleg grunnlag for å kunne planleggje andre si læring, førebu og gjennomføre undervisning i grunnskulen og vidaregåande skule.
Pedagogikk i praktisk pedagogisk utdanning utgjer samla totalt 30 studiepoeng der PPU1D (15 stp. vert teke første studieår og PPU2D (15 stp.) vert teke andre studieår. Dei andre 30 stp. er fagdidaktikk (jmf. eigne emneplanar). Praksis er ein arena for observasjon, innhenting av data, refleksjon kopla til faglege kunnskapar.
Pedagogikk 1 søker å realisere intensjonane uttrykt i Forskrift om rammeplan for praktisk - pedagogisk utdanning (2015) og i Nasjonale retningsliner for praktisk pedagogisk utdanning – allmennfag (2017). Læringsutbytteformuleringane du finn i denne planen bygger på dokumenta nemnt over.
Pedagogikk 1 deler ein felles intensjon at emna i PPU-utdanninga skal vere tett kopla til kvarandre. Det gjer at fagdidaktikk praksisfeltet og pedagogikk samla skal skape heilskap og samanheng i PPU-utdanninga. Ein slik samla innsats vil først lykkast om studentane er ein aktivt lærande deltakarar i sitt læringsprosjekt på tvers av dei tre hovudområda fagdidaktikk, praksisfeltet og pedagogikk. Intensjonen er å få til eit studie der slike koplingar fremjar utviklinga mot ein kompetent lærar.
I emnet PPU1D er leiing av læreprosessar hovudfokuset. Dette vil være gjennomgåande det første studieåret.
Emnet er organisert i 4 modular. Desse er:
- Lærarrolla
- Læring og motivasjon
- Psykososialt miljø
- Skulen som organisasjon
Vurdering, tilpassa opplæring og elevkunnskap er gjennomgåande temaområde i heile pedagogikkstudiet, så dette vil vere i fokus både i PPU1D og PPU2D.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten har kunnskap om:
- lærarprofesjonalitet og yrkesetiske utfordringar.
- teoretiske perspektiv på læring og motivasjon.
- mangfaldet i elevgruppa og utvikling av eleven sine læreføresetnadar.
- didaktiske perspektiv, her under vurdering og samspelet mellom tilbakemelding og motivasjon.
- leiing av elevane sine læreprosessar og korleis ein kan fremje læring
- observasjon som metode.
- korleis ein skaper eit godt psykososialt miljø i skulen, og kvifor dette er viktig for læring.
- kommunikasjon og korleis ein som lærar kan byggje relasjonar til enkeltelevar, elevgrupper, foreldre og andre samarbeidsinstansar for skuleverket.
- barn og ungdom si læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekster, her under samisk kultur
- skulen som organisasjon og korleis denne fungerer, utviklast og endrast
- skulen sitt verdigrunnlag, mandat og styringsdokument for skulen sitt heilskaplege opplæringslaupet.
- barn og ungdom i vanskelege situasjonar og om deira rettar til hjelp og oppfølging.
Kandidaten kan:
- leie, rettleie og motivere elevar, og skape konstruktive, meiningsfylte og inkluderande læringsmiljø.
- planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap .
- reflektere over og utvikle eigen praksis i møte med eleven og føresetnader.
- bruke og vise til relevant pedagogisk teori og forsking for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk fagleg utviklingsarbeid.
- bygge relasjonar, kommunisere og samarbeide med elevar, føresette, kollegaer og andre tilsette ved skulen.
- orientere seg i faglitteraturen og stille seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teori med relevans for lærarprofesjonen.
- kan identifisere særskilte behov hos barn og unge, identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep.
Kandidaten:
- har kunnskap om sentrale problemstillingar i utdanningsforsking.
- har kunnskap om lov- og planverk og innsikt i ulike profesjonsetiske utfordringar.
- kan reise problemstillingar, undersøke og drøfte disse gjennom teoretisk og empirisk kunnskap og kan medverke til utvikling og endring av eigen praksis.
- har kunnskapar om korleis ein i samarbeid med føresette og hjelpetenester.
- kan fremje tilpassa opplæring og inkludering.
- analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule, arbeids- og samfunnsliv.
- bidra til analyse og diskusjon av utdanningspolitiske spørsmål og formål, ideologiar og praksisar i utvikling av demokratiske samfunn, lokalt og globalt.
- har utvikla profesjonsfagleg digital kompetanse og kan bidra til at barn og unge kan gjere seg nytte av digitale ressursar på ein etisk og læringsfremjande måte.
Emnet er organisert gjennom samlingar lagt til enten Volda, Ålesund eller Molde. Undervisnings- og arbeidsmåtane på studiet er ein kombinasjon av førelesningar, gruppearbeid, individuelt arbeid og munnleg og digital dialog/presentasjon i plenum. Sjølvstudium er ein viktig del av læringsarbeidet, og det er tilrådd jamt arbeid gjennom heile semesteret, der ein arbeider med undervisningstema både i for- og etterkant av førelesningar. Arbeidskrava har til hensikt å støtte studentane i deira læringsprosessar, gjennom rettleiing og øving i munnlege, skriftlege og digitale uttrykksformer.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper, seminar i studiet og oppgåver knytt til undervisning og semesterplan. Viser elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om frammøte/deltaking i undervisninga. Arbeidskrava har til hensikt å støtte studentane i deira læringsprosessar, gjennom rettleiing og øving i munnlege, skriftlege og digitale uttrykksformer.
Arbeidskrav:
Emnet inneber eit (1) arbeidskrav knytt til observasjonspraksis. Omfang: 1500 - 2000 ord . Nærare retningslinjer for arbeidskravet vert gitt i undervisningsplan og oppgåvetekst. Arbeidskravet må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen ( Jmf § 4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda). Vurdering av arbeidskravet vert uttrykt med godkjent/ ikkje godkjent.
- Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Basert på observasjonsdata henta inn gjennom observasjonspraksis. Studenten vel sjølv problemstilling for oppgåva. |