Semestre

PPUD120-15 PPU: Fagdidaktikk - Norsk, 15 stp

Emnekode: 
PPUD120-15
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2015 Haust
2016 Vår
Eksamenssemester: 
2016 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Norskfaget har ein særeigen plass som eit danningsfag der studiet av tekstar, i samtid og fortid, står sentralt. Studiet skal bidra til auke studentane sin fagdidaktiske refleksjon rundt norskfaget som språkfag, tekstfag og danningsfag og korleis det har forma norskfaget i ulike skuleslag. Med Kunnskapsløftet har lese- og skriveopplæring vorte ein sentral del av norskfaget og andre fag.

Læringsutbytte

-

Kunnskapar

Studenten skal ha ha kunnskap om:

  • norskfaget sin eigenart og mangfald, og dei utfordringane og moglegheitene dette gir som norsklærar
  • gjeldande fagplan og fagplanhistorie
  • norskfaget som redskapsfag, språkfag og danningsfag og korleis dette pregar dagens norskfag
  • korleis ein kan bruke språklege og litterære kunnskapar i skulefaget norsk på ulike nivå
  • korleis ein kan drive munnleg opplæring, lese- og skriveopplæring på ulike nivå og tilpassa elevar med ulike føresetnader, også til elevar med lese- og skrivevanskar eller norsk som sitt andrespråk
  • leseopplæring, litteraturdidaktikk, skriveopplæring, munnlege og multimodale tekstar
Ferdigheiter

Studenten er i stand til:

  • å planleggje og gjennomføre opplæring i norskfaget basert på læreplanverk, fagleg og fagdidaktisk teori, grunngi dei og evaluere dei
  • å drive opplæring med grunnlag i at lesing, skriving og munnleg er grunnlag for læringsarbeid i norskfaget og andre fag
  • å drive tilpassa opplæring i sentrale norskfaglege emne, og knytt til elevane sin tekstproduksjon, tekstresepsjon og tekstrefleksjon
  • å tilretteleggje for læringsarbeid i eit fleirspråkleg klasserom
Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke fagdidaktiske kunnskapar i til å tolke og bruke gjeldande læreplanverk
  • ser ulike dimensjonar ved skulefaget norsk på ulike nivå
  • kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar til konstruktiv og kritisk refleksjon
  • har utvikla eigen tekstkompetanse, vurderingskompetanse og rettleiingskompetanse, og ser korleis vurdering inngår som ein integrert del av alle læringsopplegg
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Læringsarbeidet vil skje på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk i sentrale emne), og i gruppe i det enkelte fag (norsk).

Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga.

Oppgåveskriving med individuell rettleiing.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane skal skrive tre fagtekstar på ca 2000 ord (ca. 5 sider), ei av dei knytt til praksis. Begge målformene skal vere representerte.

Evaluering og kvalitetssikring

Studiet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
25
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
To av fagtekstane på ca 2000 ord skal leverast til vurdering saman med ein presentasjonstekst på 2-3 sider (800-1200 ord), der studenten presenterer fagtekstane og arbeidet med dei og grunngir utvalet.