Semestre

PPUD122-30 PPU: Fagdidaktikk - Matematikk, 30 stp

Emnekode: 
PPUD122-30
Varighet: 
4 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
2018 Vår
2018 Haust
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

På grunnlag av gjennomførte fagstudium i matematikk gir fagdidaktikkstudiet, saman med resten av emna i PPU, studentane grunnlag og ferdigheit til å planlegge og gjennomføre ei variert og reflektert undervisning i matematikk for elever i grunnskole og vidaregåande skule. Innhaldet i emnet er i stor grad konsentrert om matematikk slik vi finn det i planverket for årsstega 5–11 og studieretningsfaga i vidaregåande skule.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • inngåande undervisningskunnskap i matematikk som elevane arbeider med
  • oppdatert kunnskap om innhald i matematikkfaget på dei ulike stega i grunn- og vidaregåande skule
  • kunnskap om eit brei metoderepertoar for undervisning i matematikk
  • kunnskap om matematikken sin eigenart, historiske utvikling og plass i samfunnet
  • kunnskap om å rekne, uttrykkje seg munnleg, lese, uttrykke seg skriftleg og kunne bruke digitale verkty i matematikk
Ferdigheiter

Studenten skal

  • kunne planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning i matematikk for alle elevar, forankra i forsking, teori og praksis
  • ha gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikk, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
  • kunne bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngjevingar og argument
  • kunne analysere og vurdere elevane sine tenkjemåtar, argumentasjon og løysingsmetodar frå ulike perspektiv på kunnskap og læring
Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over matematikkdidaktiske problemstillingar
  • har ei profesjonell holdning og kan kritisk reflektere over faglege og fagpolitiske spørsmål
  • kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen didaktiske kompetanse og bidra til elevar si faglege utvikling
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane vil veksle mellom lærarstyrt undervisning og at studentane arbeider på eiga hand. Deler av undervisninga inneber praktisk arbeid med matematikk, og drøftingar i samband med dette, medan andre delar er organisert som førelesingar.Delar av det faglege innhaldet er av ein slik generell art at det vert undervist samla for alle faga i PPU. Denne undervisninga er organisert som tverrfagleg tematisk fellesundervisning (felles fagdidaktikk) for alle faga samla.Nokre tema vert undervist felles for naturfag og matematikk.Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane skal skrive tre fagtekstar på 1800-2500 ord kvar, og ei på 3600 – 5000 ord.
Meir utfyllande informasjon om desse oppgåvene vert gitt etter studiestart og leveringsfristar går fram av semesterplanen.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.(http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Antje Meier
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • PPUD-R15
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Mappevurdering der mappa inneheld følgjande element:
◦den lengste av arbeidskravtekstane
◦to av dei tre korte arbeidskravtekstane valt av studenten sjølv
◦ei presentasjonstekst på 800–1200 ord der studenten presenterer fagtekstane og arbeidet med dei og grunngir valet av tekstar.

Studentar som tek 30 stp i fagdidaktikk kan ikkje gå opp til eksamen før i 4. semester (våren 2. studieår).