Semestre
PPUD123-30 PPU: Fagdidaktikk - Kroppsøving, 30 stp
Ingen
Gjennom arbeidet med fagdidaktikk i kroppsøving/idrett skal studentane kvalifisere seg til arbeid i skulen.
Undervisninga i faget skal vere forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Kroppsøving skal gje studentane solid pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, men også til å utvikle faget i framtida og på eit breiare grunnlag ivareta dei kroppslege dimensjonane ved det å vere menneskje.
Studentane skal tileigne seg kunnskapar om og erfaring med ulike rørslemiljø og rørslekulturar. Faget skal gje studentane grunnlag for å utvikle sin lærarkompetanse individuelt og i samarbeid med andre og for å fremje fysisk aktivitet og rørsleglede. Det skal styrke studentane sin allmenndanning og profesjonsidentitet i respekt for ulike kulturar og verdiar. Det blir også arbeidd med å sjå kroppsøving i tverrfaglege samanhengar i skulen. Gjennom arbeidet med emnet skal studentane utvikle sjølvstendig refleiksjon og vurdering av eiga undervisning.
Innhald:
1.Kroppsøving/idrett sin eigenart, utvikling og legitimering som undervisningsfag.
2.Planarbeid
3.Lærestoff og arbeidsformer
4. Lærarrolla
5.Tilpassa opplæring
6. Vurdering og rettleiing
7. Nyare perspektiv innan kroppsøving, idrett og idrettspedagogikk.
8. Observasjon av og refleksjon kring teori og praksis
9. Forsking knytt til kroppsøvingsfaget
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter å ha fullført studiet har studentane tileigna seg kunnskap om:
- å planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje kroppsøvings-/idrettpedagogisk verksemd tilpassa den einskilde elev og elevgruppe
- å halde ved like kroppsøvings-/idrettspedagogiske oppgåver på ein yrkesetisk, konstruktiv og samarbeidsvillig måte
- å sjå kroppsøvings-/idrettspedagogen sitt ansvar og oppgåver som ein del av ein større kulturell og samfunnsmessig heilskap
- å reflektere rundt det å skape fornying innanfor fagfeltet
- nyare perspektiv innan idrett og idrettspedagogikk
- ferdigheit og evne til observasjon og refleksjon
- forskings- og utviklingsarbeid knytt til kroppsøving
- kritisk kunne reflektere kring fagdidaktiske teoriar og praksis knytt til undervisning og instruksjon
- tilpassa opplæring for born og ungdom med ulike føresetnader
- den spesifikke didaktikken og fagkunnskapen knytt til grunnleggjande tilrettelegging for læring i praktiske aktiviteta
Etter å ha fullført studiet har studentane
- tileigna seg ferdigheiter i og erfaring med grunnleggande fagdidaktikk i praksis, og vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
- vidareutvikla eigne kunnskapar og dugleikar i leik, idrett, friluftsliv og tidsaktuelle rørsleformer med tanke på undervisning i kroppsøving
- grunnlag for å vurdere rørslemiljø, aktivitet og trening eigna for ulike aldersgrupper
- tileigna seg ferdigheiter til å kunne vurdere fagdidaktiske problemstillingar og bruke relevant teori og forsking med sikte på å forbetre undervisning og læring i kroppsøving gjennomføre forsøks- og utviklingsarbeid knytt til eigen lærarkompetanse i kroppsøving
- utvida eige repertoar av aktivitetar og arbeidsmåtar med tanke på undervisning i kroppsøving
- tileigna seg ferdigheiter som gjer at dei kan leggje til rette for læring i praktiske aktivitetane for barn og ungdom med ulike føresetnadar
- kan leggje til rette for og leie læringsarbeid gjennom varierte arbeidsmåtar knytt til leik, idrett, friluftsliv og tidsaktuelle rørsleformer
- kan vurdere elevane sine rørslemønster og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemelding
- kan identifisere farer og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø
- å leggje til rette for læring i praktiske aktivitetar for ulike aldersgrupper
Etter å ha fullført studiet har studentane generell kompetanse til å
- vurdere analytisk og kritisk korleis kroppsøving saman med andre skulefag bidreg til eleven si allmenndanning
- ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet
- bidra til skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving
- kommunisere med elevar, føresette og kollegaer om problemstillingar knytt til kroppsøving og kroppsleg læring
- forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som kroppsøvingslærar
- arbeide tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving
- bidra til nytenking og innovasjon i faget kroppsøving
- reflektere omkring kroppsøving som del av norsk kultur og i eit fleirkulturelt og internasjonalt perspektiv
Studiet er praksisbasert.
Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar og observasjon i ulike rørslemiljø, praktisk metodiske oppgåver med elev-/studentgrupper eller medstudentar, evaluering, refleksjon, drøfting og utgreiingar i høve til dei ulike målområda. Seksjonen nyttar Fronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, studentpresentasjonar, arbeidskrav og undervisning i faget.
Læringsarbeidet vil skje på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk fag) og i gruppe i det enkelte fag . Frammøte etter gjeldande reglar for HVO
Frammøtekrav:
Krav om 80 % oppmøte.
Arbeidskrav:
- eit individuelt skriftleg arbeid på ca 1500-2000 ord.
- eit individuelt skriftleg arbeid på ca 2500-3000 ord. Studentane skal gi respons til medstudent.
- eit individuelt skriftleg forskings- og utviklingsarbeid knytt til kroppsøvingsfaget på ca. 5000 ord, med ca. 30 minutt munnleg framlegg for studentgruppa.
- to praktisk metodiske oppgåver med medstudentar eller andre elev/studentgrupper.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
150kr
- PPUD-R15
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | Ca. 45 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 | Studentane skal individuelt eller i mindre grupper ut frå ei gitt oppgåve planleggje og gjennomføre eit praktisk metodisk opplegg. Dei skal kunne grunngje alle val dei gjer og kunne svare på spørsmål frå pensum. Vert avvikla i 4.semester. | ||
Skriftleg eksamen | Individuell | 3 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Vert avvikla i 4.semester. |