Semestre

PPUD124-30 PPU: Fagdidaktikk – Musikk, 30 stp

Emnekode: 
PPUD124-30
Varighet: 
4 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
2019 Vår
2019 Haust
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet er ein del av studieprogrammet Praktisk pedagogisk utdanning allmenn deltid. Emnet skal gi studenten grunnleggande kunnskap og dugleik til å undervise i musikk i norsk skule. Følgjande fagdidaktiske områdar inngår i studiet:

  • musikk som undervisningsfag med omsyn til musikksyn, musikkpedagogiske retningar og legitimering av faget
  • planarbeid som omfattar arbeid med aktuelle læreplanar og planlegging av musikkpedagogisk verksemd
  • aktuelt lærestoff og varierte arbeidsformer
  • tilpassa opplæring
  • IKT i musikkpedagogisk arbeid
  • vurdering og rettleiing i musikkfaget
  • førebuing og refleksjon knytt til praksis
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskapar om:

  • musikkfaget sin eigenart, utvikling og legitimering
  • gjeldande læreplanar i faget og fagplanhistorie
  • analyse av læreplanar og læremiddel
  • planlegging, gjennomføring, vurdering og grunngjeving av musikkpedagogisk verksemd tilpassa den einskilde elev og elevgruppe
  • musikkpedagogisk verksemd som lekk i ein større kulturell og samfunnsmessig heilskap
Ferdigheiter

Studenten er i stand til å

  • planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje musikkpedagogisk verksemd
  • bruke varierte arbeidsmåtar og digitale læringsverkty i musikkundervisninga, og tilpasse desse den einskilde elev og elevgruppe
Generell kompetanse

Studenten er i stand til å

  • kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng
  • følgje med og skape fornying innanfor fagfeltet
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet er praksisbasert, og faget set krav til eige studiearbeid, individuelt og i grupper. Oppgåvearbeid med individuell rettleiing.

Læringsarbeidet vil skje på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk fag) og i gruppe i det enkelte fag (formgjeving/kunst og handverk). Frammøte etter gjeldande reglar for HVO.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøte: Det er obligatorisk frammøte til all undervisning (Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §7 - 3).

Arbeidskrav: Studenten skal skrive fire fagtekstar, tre på 2000-2500 ord, og ein på 4000-4500 ord. To av fagtekstane skal vere knytt til praksis. Arbeida skal vere godkjende før studenten kan ta eksamen. Arbeida vert vurderte med godkjend/ikkje godkjend.

Studentane skal også ha ei munnleg framføring knytt til fordjupingsoppgåva.

Meir informasjon om arbeidskrava vert gitt etter studiestart.

Sensorordning
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Elizabeth Anne Oltedal
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • PPUD-R15
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Eksamensmappa skal innehalde tre av dei faglege arbeida - ein på 4000-4500 ord og to på 2000-2500 ord. Studenten leverer også ein presentasjonstekst på 600-800 ord som inneheld refleksjon over dei innleverte tekstane.
Godkjent av: 
Aud Folkestad