Semestre
PPUD124-30 PPU: Fagdidaktikk – Musikk, 30 stp
Pensumlister vert gjort tilgjengelege som pdf-filer innan vedteken frist for gjeldande semester.
Ingen
Emnet er ein del av studieprogrammet Praktisk pedagogisk utdanning allmenn deltid. Emnet skal gi studenten grunnleggande kunnskap og dugleik til å undervise i musikk i norsk skule. Følgjande fagdidaktiske områdar inngår i studiet:
- musikk som undervisningsfag med omsyn til musikksyn, musikkpedagogiske retningar og legitimering av faget
- planarbeid som omfattar arbeid med aktuelle læreplanar og planlegging av musikkpedagogisk verksemd
- aktuelt lærestoff og varierte arbeidsformer
- tilpassa opplæring
- IKT i musikkpedagogisk arbeid
- vurdering og rettleiing i musikkfaget
- førebuing og refleksjon knytt til praksis
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskapar om:
- musikkfaget sin eigenart, utvikling og legitimering
- gjeldande læreplanar i faget og fagplanhistorie
- analyse av læreplanar og læremiddel
- planlegging, gjennomføring, vurdering og grunngjeving av musikkpedagogisk verksemd tilpassa den einskilde elev og elevgruppe
- musikkpedagogisk verksemd som lekk i ein større kulturell og samfunnsmessig heilskap
Studenten er i stand til å
- planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje musikkpedagogisk verksemd
- bruke varierte arbeidsmåtar og digitale læringsverkty i musikkundervisninga, og tilpasse desse den einskilde elev og elevgruppe
Studenten er i stand til å
- kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng
- følgje med og skape fornying innanfor fagfeltet
Studiet er praksisbasert, og faget set krav til eige studiearbeid, individuelt og i grupper. Oppgåvearbeid med individuell rettleiing.
Læringsarbeidet vil skje på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk fag) og i gruppe i det enkelte fag (formgjeving/kunst og handverk). Frammøte etter gjeldande reglar for HVO.
Frammøte: Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Frammøte i emnet er også knytt til undervisninga i felles fagdidaktikk. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Arbeidskrav: Studenten skal skrive fire fagtekstar, tre på 2000-2500 ord, og ein på 4000-4500 ord. To av fagtekstane skal vere knytt til praksis. Arbeida skal vere godkjende før studenten kan ta eksamen. Arbeida vert vurderte med godkjend/ikkje godkjend.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- PPUD-R15
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Eksamensmappa skal innehalde tre av dei faglege arbeida - ein på 4000-4500 ord og to på 2000-2500 ord. Studenten leverer også ein presentasjonstekst på 600-800 ord som inneheld refleksjon over dei innleverte tekstane. |