Semestre
PPUD126-15 PPU: Fagdidaktikk - Formgjeving/Kunst og handverk, 15 stp
ingen
Emnet er ein del av studieprogrammet Praktisk pedagogisk utdanning allmenn, deltid. Emnet skal gje studenten grunnleggande kunnskap og ferdigheiter til å undervise i faga Kunst og handverk (KOH) og Studieprogram for kunst, desgin og arkitektur (KDA), i norsk skule. Studiet skal også bidra til å auke studentane sin fagdidaktiske refleksjon rundt faga. Desse fagdidaktiske områda er felles for alle: fagplanhistorie, tilpassa opplæring, didaktiske utfordringar knytte til elevar som ikkje har norsk som morsmål, og dei fem grunnleggande ferdigheitene (digitale, munnlege, lese, rekne, skrive).
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om undervisningsplanlegging og vurdering i faga KOH og KDA, tilpassa den enkelte elev og elevgruppe
- har kunnskap om gjeldande læreplan og fagplanhistorie
- har kunnskap om ulike arbeidsmåtar i faga, også dei digitale
- har kunnskap om grunnleggjande fagdidaktiske omgrep og evne til å utøve fagkritikk
- har forståing for fagfeltet sin eigenverdi, i historisk, samfunnsmessig og kulturelt perspektiv
Studenten:
- har ferdigheiter i å planlegge undervisning og læring i skulefaga KOH og KDA, med utgangspunkt i fagtradisjon, læreplanverk og ulike typar av læremiddel
- kan vurdere samanhengen mellom mål, arbeidsformer, læremiddel og vurderingsformer
- kan reflektere over og bruke ulike former for vurdering i skulefaga KOH/KDA, og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og faglege utvikling i faget
- kan bruke og vurdere ulike arbeidsmåtar innanfor KOH/KDA faga
- kan bruke og vurdere digitale verktøy og kjelder i opplæringa, og bidra til at elevane kan forholde seg aktivt og kritisk til digitale media og verkty
Studenten:
- kan reflektere over eiga profesjonsutøving og utvikle undervisningsmetodar tilpassa den enkelte elev
- kan identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevar si læring og utvikling i KOH/KDA faga
- kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar til konstruktiv og kritisk refleksjon.
Læringsarbeidet vil skje på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk fag) og i gruppe i det enkelte fag (formgjeving/kunst og handverk). Frammøte etter gjeldande reglar for HVO
Frammøte: Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Frammøte i emnet er også knytt til undervisninga i felles fagdidaktikk. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Tre fagtekstar på omlag 2000 ord (to av dei med praktisk arbeid), innlevert til avtalt tid og godkjend.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- PPUD-R15
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | To av fagtekstane på omlag 2000 ord. En presentasjonstekst på omlag 1000 ord. |