Semestre

PPUD126-15 PPUD: Fagdidaktikk - Formgjeving/Kunst og handverk, 15 stp

Emnekode: 
PPUD126-15
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
2018 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Didactics of art and craft
Emnenavn på bokmål: 
PPU: Fagdidaktikk - Formgjeving/Kunst og handverk, 15 stp
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

ingen

Om emnet

Emnet er ein del av studieprogrammet Praktisk pedagogisk utdanning allmenn.  Gjennom undervisning i felles fagdidaktikk vert det gitt innføring i sentrale felles fagdidaktiske område. Innhald i formgjeving/kunst og handverk vil vere: fagplanhistorie og legitimering av faget, tilpassa opplæring, didaktiske utfordringar knytte til elevar som ikkje har norsk som morsmål, dei fem grunnleggande ferdigheitene (lesing, skriving, munnleg, rekning og IKT) og nasjonale prøver. Innhaldet i fagdidaktikk formgjeving/kunst og handverk vil vere: -faget si grunnlagstenking knytt til eigenart og posisjon i skulen i eit historisk perspektiv-planarbeid som omfattar arbeid med aktuelle læreplanar og planlegging av undervisning, herunder tilpassa opplæring, varierte arbeidsformer, tverrfagleg verksemd, prosjektarbeid og IKT i faget (utvikling av lokal læreplan)-Aktuelt lærestoff og varierte arbeidsformer -Tilpassa opplæring-Vurdering og rettleiing -IKT i formgjeving/kunst og handverk-Førebuing og refleksjon knytt til praksis.

Læringsutbytte er henta frå studieplanen som bygger på Rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning, fastsett 21. desember 2015 av Kunnskapsdepartementet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • planlegging, gjennomføring, vurdering og grunngjeving for undervisning i faget tilpassa den enkelte elev og elevgruppe
  • grunnleggjande fagdidaktiske omgrep og evne til å utøve fagkritikk, fornye og utvikle faget både i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • forståing for fagfeltet sin eigenverdi, i historisk, samfunnsmessig og kulturelt perspektiv
  • barn og unge i vanskelege livssituasjonar, herunder kunnskap om vold og seksuelle overgrep, og om barn og unge sine rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv. 
  • korleis skulen kan jobbe for å fremje helse og trivsel hos barn og unge.

 

 

Ferdigheiter

 Studenten har ferdigheiter i:

  • å planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje formgjeving/kunst og handverkspedagogisk verksemd
  • å identifisere særskilde behov hos barn og unge, herunder identifisere, teikn på psykiske vanskar, vold eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten raskt kunne setje i verk nødvendige tiltak

 

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • reflektere over eigen profesjonsutøving og utvikle undervisningsmetodar tilpassa den enkelte eleven
  • med utgangspunkt i fagleg erfaring, praksisrefleksjon og kjennskap til faglitteratur utvikle evne til å tenke nytt og utvikle faget
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Læringsarbeidet vil skje på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk fag) og i gruppe i det enkelte fag (formgjeving/kunst og handverk). Frammøte etter gjeldande reglar for HVO

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Tre fagtekstar på omlag 2000 ord (to av dei med praktisk arbeid), innlevert til avtalt tid og godkjend.

Frammøte: Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking. 

Evaluering og kvalitetssikring

Studiet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
12
Emneansvarleg: 
Karen Brænne
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • PPUD-R15
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
To av fagtekstane på omlag 2000 ord. En presentasjonstekst på omlag 1000 ord.
Godkjent av: 
Aud Folkestad