Semestre

PPUD130-15 PPU: Fagdidaktikk - Samfunnsfag, 15 stp

Emnekode: 
PPUD130-15
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet skal gje studenten grunnleggande kunnskap og ferdigheit til å undervise i samfunnsfaga i norsk skule. Studiet skal også bidra til å auke studentane sin fagdidaktiske refleksjon rundt samfunnsfaga. Desse fagdidaktiske områda er felles for alle: fagplanhistorie, tilpassa opplæring, didaktiske utfordringar knytte til elevar som ikkje har norsk som morsmål, dei fem grunnleggande ferdigheitene (digitale, munnlege, lese, rekne, skrive) og nasjonale prøver.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • inngåande kunnskap om samfunnsfaga sin eigenart, utvikling og legitimering
  • kunnskap om grunngjevingar for samfunnsfaga som skulefag
  • kunnskap om gjeldande læreplan og fagplanhistorie
  • kunnskap om analyse av læreplanar og læremiddelfagdidaktisk refleksjon i samband med planlegging av undervisning
  • forståing for samfunnsfaga si rolle som haldningsdannande fag i høve til menneskerettar, demokrati, likestilling, miljøspørsmål og det fleirkulturelle samfunnet
  • kunnskap om historieforståing og historiebruk mellom barn og unge
  • kjennskap til sentrale samfunnsfaglege kjelder i faget og kritisk vurdering av desse
  • evne til refleksjon om tverrfaglege utfordringar
  • kunnskap om vurdering av utviklingsarbeid retta mot samfunnsfaga i skulen
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • bruke og vurdere ulike arbeidsformer innafor samfunnsfaga
  • planlegge undervisning og læring med utgangspunkt i fagtradisjon, læreplanverk og ulike typar av læremiddel
  • legge til rette for bruk av problemorienterte arbeidsmåtar
  • bruke og vurdere digitale verktøy og kjelder i opplæringa, og bidra til at elevane kan forholde seg aktivt og kritisk til digitale media
  • bruke ulike typar kjelder og materiale i arbeidet med utvikling av elevars grunnleggande ferdigheiter
  • utvikle og bruke ulike typar av forteljingar innanfor samfunnsfaga
  • bruke lokalsamfunnet som læringskjelde
  • reflektere over og bruke ulike former for vurdering i samfunnsfaga, og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og faglege utvikling i faget
  • vurdere samanhengen mellom mål, arbeidsformer, læremiddel og vurderingsformer

 

Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • bruke fagdidaktiske kunnskapar til å tolke og bruke gjeldande læreplanverk
  • sjå dimensjonar ved samfunnsfaga som skulefag på ulike nivå
  • bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar til konstruktiv og kritisk refleksjon
  • utvikle eigen vurderings- og rettleiingskompetanse, og sjå korleis vurdering inngår som ein integrert del av alle læringsopplegg
  • identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevar si læring og utvikling i samfunnsfaga
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga skjer på to ulike nivå: Eit nivå for felles fagdidaktikk og eit nivå for samfunnsfagdidaktikk. Studiet er praksisbasert, og faget set krav til eige studiearbeid, individuelt og i grupper. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga på alle nivå. Oppgåvearbeid med individuell rettleiing.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav: Studentane skal levere tre faglege arbeid: to fagtekstar, kvar på 2000-2500 ord, og ei digital forteljing på 2-3 minutt med eit refleksjonsnotat på 600-800 ord. Eitt av arbeida skal vere knytt til praksis.

Frammøtekrav: Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. 
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking. 

Evaluering og kvalitetssikring

Studiet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Kari Aslaug Hasle
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • PPUD-R15
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
2 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Mappevurdering: To arbeid skal leverast til vurdering saman med ein presentasjonstekst på 600-800 ord der studenten presenterer innhaldet i mappa og arbeidsprosessen, og grunngjev utvalet.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 14.02.18