Semestre

PPUD130-30 PPU: Fagdidaktikk - Samfunnsfag, 30 stp

Emnekode: 
PPUD130-30
Varighet: 
4 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
2017 Haust
2018 Vår
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet skal gje studenten grunnleggande kunnskap og ferdigheit til å undervise i samfunnsfaga i norsk skule. Studiet skal også bidra til å auke studentane sin fagdidaktiske refleksjon rundt samfunnsfaga. Desse fagdidaktiske områda er felles for alle: fagplanhistorie, tilpassa opplæring, didaktiske utfordringar knytte til elevar som ikkje har norsk som morsmål, dei fem grunnleggande ferdigheitene (digitale, munnlege, lese, rekne, skrive) og nasjonale prøver.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om samfunnsfaga sin eigenart, utvikling og legitimering
  • har kunnskap om grunngjevingar for samfunnsfaga som skulefag
  • har kunnskap om gjeldande læreplan og fagplanhistorie
  • har kunnskap om analyse av læreplanar og læremiddelfagdidaktisk refleksjon i samband med planlegging av undervisning
  • har forståing for samfunnsfaga si rolle som haldningsdannande fag i høve til menneskerettar, demokrati, likestilling, miljøspørsmål og det fleirkulturelle samfunnet
  • har kunnskap om historieforståing og historiebruk mellom barn og unge
  • har kjennskap til sentrale samfunnsfaglege kjelder i faget og kritisk vurdering av desse
  • har evne til refleksjon om tverrfaglege utfordringar
  • har kunnskap om vurdering av utviklingsarbeid retta mot samfunnsfaga i skulen
Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke og vurdere ulike arbeidsformer innafor samfunnsfaga
  • kan planlegge undervisning og læring med utgangspunkt i fagtradisjon, læreplanverk og ulike typar av læremiddel
  • kan legge til rette for bruk av problemorienterte arbeidsmåtar
  • kan bruke og vurdere digitale verktøy og kjelder i opplæringa, og bidra til at elevane kan forholde seg aktivt og kritisk til digitale media
  • kan bruke ulike typar kjelder og materiale i arbeidet med utvikling av elevars grunnleggande ferdigheiter
  • kan utvikle og bruke ulike typar av forteljingar innanfor samfunnsfaga
  • kan bruke lokalsamfunnet som læringskjelde
  • kan reflektere over og bruke ulike former for vurdering i samfunnsfaga, og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og faglege utvikling i faget
  • kan vurdere samanhengen mellom mål, arbeidsformer, læremiddel og vurderingsformer
Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke fagdidaktiske kunnskapar til å tolke og bruke gjeldande læreplanverk
  • ser dimensjonar ved samfunnsfaga som skulefag på ulike nivå
  • kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar til konstruktiv og kritisk refleksjon
  • har utvikla eigen vurderings- og rettleiingskompetanse, og ser korleis vurdering inngår som ein integrert del av alle læringsopplegg
  • kan identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevar si læring og utvikling i samfunnsfaga
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga skjer på to ulike nivå: Eit nivå for felles fagdidaktikk og eit nivå for samfunnsfagdidaktikk. Studiet er praksisbasert, og faget set krav til eige studiearbeid, individuelt og i grupper. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga på alle nivå. Oppgåvearbeid med individuell rettleiing.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane skal levere tre faglege arbeid: To fagtekstar, kvar på 2000-2500 ord, og ei digital forteljing på 2-3 minutt med eit refleksjonsnotat på 600-800 ord. Eitt av arbeida skal vere knytt til praksis.

Studentane skal også skrive ein større fagtekst på 4000-4500 ord. I arbeidet med denne skal ein ta del på eit miniseminar 2. semesteret i studiet.

Evaluering og kvalitetssikring

Studiet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Kari Aslaug Hasle
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • PPUD-R15
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
2 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Mappevurdering: To av dei tre faglege arbeida skal leverast til vurdering saman med ein presentasjonstekst på 600-800 ord der studenten presenterer innhaldet i mappa og arbeidsprosessen, og grunngjev utvalet.

I tillegg skal den større fagteksten på 4000-4500 ord leggast fram til vurdering. Her skal det også leverast ein presentasjonstekst på om lag 450 ord.