Semestre

PPUD131-15 PPU: Fagdidaktikk - Mediefag, 15 stp

Emnekode: 
PPUD131-15
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Fagdidaktikk i mediefag tek føre seg barn, unge og mediekultur, det å undervisa i mediefaget, arbeidsformer knytt til faget, planleggingsprinsipp, integreringa av faget i skulefaga og utviklinga av faget. I opplæringssystemet kan ein skilje mellom mediefag som eige fagområde og bruk av medium som pedagogisk verkemiddel i opplæring og formidling. Emnet har fokus på begge desse forståingane. Fagområdet kan delast inn i følgjande delemne:

- Mediefaget, mediekompetanse i skulen og medielærarrolla

- Media i samfunn og skule: identitet, kultur og mediebruk i og utanfor skulen

- Medieanalyse og metodikk: Læreplanar, undervisningsplanlegging og den metodiske verktøykassa

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon 

- er kjend med det mediefaglege feltet knytt til mediepedagogikk, mediedidaktikk og ’media literacy’ 

- har utvikla kunnskap om læring både om, med og gjennom ulike medium, korleis bruk av medium gir meirverdi i eit arbeid og om læringsprosessar i eit utvida perspektiv. 

Ferdigheiter

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon  

- kan bruke kunnskapar om mediepedagogikk, mediedidaktikk og ’media literacy’ i arbeidet  med å planlegge, gjennomføre og vurdere mediefagleg læring.

- har tileigna seg kunnskapar og utvikla evner slik at dei kan fungere som faglege ressurspersonar for skule, elevar og andre lærarar.

- kan planlegge, gjennomføre og evaluere mediefagleg relevante undervisnings- og læringsdesign.

Generell kompetanse

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon

- har utvikla analysekompetanse i fagplanarbeid, og har gjennom denne utvikla fagkritisk distanse til å iverksetje læringsarbeid som er i tråd med gjeldande læreplanar.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er knytt arbeidskrav til kvart delemne som går inn i eksamensmappa. Desse er spesifiserte i semesterplanen i emnet.

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking. 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Synnøve Hedemann Amdam
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • PPUD-R15
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Studenten skal levere ei vurderingsmappe med eit utval av arbeida frå semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet variere frå år til år, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen.
Godkjent av: 
Anne Øie