Semestre
PPUD131-30 PPU: Fagdidaktikk - Mediefag, 30 stp
Fagdidaktikk i mediefag tek føre seg barn, unge og mediekultur, det å undervisa i mediefaget, arbeidsformer knytt til faget, planleggingsprinsipp, integreringa av faget i skulefaga og utviklinga av faget. I opplæringssystemet kan ein skilje mellom mediefag som eige fagområde og bruk av medium som pedagogisk verkemiddel i opplæring og formidling. Emnet har fokus på begge desse forståingane. Fagområdet kan delast inn i følgjande delemne:
- Mediefaget, mediekompetanse i skulen og medielærarrolla
- Media i samfunn og skule: identitet, kultur og mediebruk i og utanfor skulen
- Medieanalyse og metodikk: Læreplanar, undervisningsplanlegging og den metodiske verktøykassa
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Ein kandidat med fullført kvalifikasjon
- er kjend med det mediefaglege feltet knytt til mediepedagogikk, mediedidaktikk og ’media literacy’
- har utvikla kunnskap om læring både om, med og gjennom ulike medium, korleis bruk av medium gir meirverdi i eit arbeid og om læringsprosessar i eit utvida perspektiv
Ein kandidat med fullført kvalifikasjon
- kan bruke kunnskapar om mediepedagogikk, mediedidaktikk og ’media literacy’ i arbeidet med å planlegge, gjennomføre og vurdere mediefagleg læring.
- har tileigna seg kunnskapar og utvikla evner slik at dei kan fungera som faglege ressurspersonar for skule, elevar og andre lærarar.
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere mediefagleg relevante undervisnings- og læringsdesign.
Ein kandidat med fullført kvalifikasjon
- har utvikla analysekompetanse i fagplanarbeid, og gjennom denne ha utvikla fagkritisk distanse til å iverksetje læringsarbeid som er i tråd med gjeldande læreplanar
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling.
Det er knytt arbeidskrav til kvart av dei tre delemne som går inn i eksamensmappa. I tillegg gjer kandidaten eit større utviklingsarbeid som også inngår i eksamensmappa. Arbeidskrava er nærare spesifiserte i semesterplanen i emnet.
Det er obligatorisk frammøte til undervisninga. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- PPUD-R15
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med eit utval av arbeida frå semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet variere noko frå år til år, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen. |