Semestre
PPUY-PRA1 Praksis 1
Ingen.
Praksisopplæringa skal gi studenten brei erfaring med ulike aktivitetar i yrkesfaglærarprofesjonen. Hovudtema for praksisopplæringa er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon og lærarens tilrettelegging for læring. Gjennom deltaking, utforsking, observasjon og refleksjon skal studenten gradvis utvikle eigen yrkesfaglæraridentitet og profesjonskompetanse. Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert, og praksisskulen er ein læringsarena på lik line med opplæringa ved høgskulen. Ei tett kopling mellom innhald og arbeidsmåtar i praksis, pedagogikk og fagdidaktikk i studiet skal bidra til at studenten utviklar teoretisk refleksjon over eigen praksis og forskingsbasert grunngjeving for profesjonsutøving.
Leiing av læreprosessar, og lærings- og utviklingsarbeid i eit individ- og gruppeperspektiv, er hovudtema i første studieår.
Omfanget av praksis i studiet er minimum 60 arbeidsdagar. Praksis første studieår har eit omfang av 30 dagar.
Praksisplanen byggjer på Nasjonale retningslinjer for Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag trinn 8-13 av 22. mars 2018, og Forskrift om rammeplan for praktisk pedagogisk utdanning for yrkesfag for årssteg 8-13, fastsett 18. mars 2013.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten:
har kunnskap om yrkesfaglæraren sine roller, oppgåver og ansvar i opplæringa
har kunnskap om unge si utvikling og læring, og bruk av pedagogikk og yrkesdidaktikk i leiing av læreprosessar i klasserom/verkstad
har kunnskap om samspel mellom elevar, mellom elevar og lærar, om klasseleiing, kollegarettleiing og teamarbeid
har kunnskap om tilrettelegging for læring og bruk av relevante læreprosessar, arbeidsmåtar, læremiddel og vurderingsformer i eige programområde
har kunnskap om observasjon som metode for systematisk utvikling av eigen praksis
Kandidaten:
kan bruke eigen yrkeskompetanse, og planlegge, grunngje, leie og dokumentere relevant yrkesopplæring med utgangspunkt i nasjonale og lokale styringsdokument
kan leie opplæring der elevar/lærlingar deltek i planlegging, gjennomføring og vurderingsarbeid og gjennomføre vurderingsarbeid i samsvar med forskrifter, nyare forsking og utviklingsarbeid på feltet
kan leie læreprosessar som fremjar praktisk, differensiert og tilpassa opplæring, og tilpasse opplæringa til eleven/lærlingen sine interesser, behov og utdanningsplanar
kan bidra til praksisretting av fag gjennom elevars interesser, og yrkesretting av fag i samarbeid med andre faglærarar i skulen
kan meistre relevante faglege verkty, teknikkar og uttrykksformer, og kan reflektere over eiga yrkesutøving og justere denne under rettleiing
kan stå fram som rollemodell i skulen, samarbeidsbedrifter, lokalsamfunnet og på andre samfunnsarenaer
Kandidaten:
kan reflektere over elevane/lærlingane si læring i lys av fag, undervisning, og aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv
har utvikla kommunikasjons- og relasjonskompetanse og ivaretek profesjonsetiske verdiar i opplæringa
kan ta imot og reflektere over rettleiing og bidra til samarbeid om yrkesdidaktisk og pedagogisk arbeid i skulen
er medviten på ansvar for å bygge yrkesrelevante relasjonar mellom aktørar i skule og arbeidsliv
Studie- og praksisrute klargjer tidfesting av praksisperioden. Studiet inneheld praksis i 50 dagar i vidaregåande opplæring, på ulike trinn, og ti dagar på ungdomstrinnet. Studentar med tilsetjingsforhold i skulen, kan ha delar av praksisen på eigen arbeidsstad, men minimum 50% av samla praksis gjennom studiet bør vere på annan skule.
Første praksisperiode har eit omfang på 30 arbeidsdagar i vidaregåande opplæring. Gjennom studiet skal studenten ha minimum 15 dagar samanhengande blokkpraksis ved ein annan skule enn eigen arbeidsstad.
I praksis skal studenten følgje praksislærar og skulen si arbeidstidsorganisering. I samsvar med ein lærar sin arbeidsplan utgjer dette om lag 250 arbeidstimar i praksis. Dette inkluderer undervisning, førebuing, vurderingsarbeid, møte- og samarbeidstid, samt tid til fagleg utviklingsarbeid.
Praksisrettleiar ved skulen si hovudoppgåve er å legge til rette for studenten sin praksis, lage plan for praksisperioden saman med studenten og å leie rettleiingsøktene. Ei rettleiingsøkt omfattar tre delar: Før-rettleiing, observasjon av studenten sitt arbeid med elevgruppa og etter-rettleiing. Rettleiing har som føremål å medverke til at studenten utviklar eigen forståing av kva det vil seie å vere lærar. Refleksjon over planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning er med på å utvikle studenten sin profesjonskompetanse. Studenten har ansvar for å vere aktiv og interessert deltakar i praksis, og å ta ansvar i rettleiinga. Studenten skal levere skriftleg plan for undervisningsøkt til praksisrettleiar, og eventuelt til faglærar og medstudent. Dette er utgangspunkt for rettleiing før og etter undervisning. Om lag halvvegs i praksisperioden skal praksisrettleiar ved skulen og student gjennomføre midtvegsvurderingssamtale med utgangspunkt i læringsutbytte og vurderingskriterie for praksis.
I sluttfasen av praksis skal praksisrettleiar og student gjennomføre ei avsluttande utviklingssamtale med utgangspunkt i praksisrettleiar si formulering av ei individuell skriftleg vurdering med karakteren stått/ikkje stått. Vurderinga vert gitt med grunnlag i læringsutbytte og vurderingskriterie for praksisperioden. Studenten legg fram vurderingsrapporten frå første praksisperiode for tildelt praksisrettleiar i andre undervisningspraksis.
Det er obligatorisk frammøte til praksis.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag, 8.-13. trinn (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individuell | semester | Stått eller ikkje stått |