Semestre
PRO101 Organisasjonslære og teamarbeid
Ingen.
Emnet gir innføring i korleis ulike arbeidsgrupper kan brukast i løysing av konkrete oppgåver i ein organisasjon, eller til oppgåveløysing i samarbeid mellom organisasjonar. Utgangspunktet er dei minste einingane i organisasjonen, arbeidsgrupper og team, og dei organisatoriske, psykologiske og sosiale prosessane som bidreg til utvikling av desse einingane. Utvikling og drift av effektive grupper, fleksible organisasjonsformer, relasjonsbygging og samspel mellom individ, gruppe og organisasjon, er også tema. Emnet gir elles innføring i sentrale organisasjonsteoretiske omgrep som organisasjonsstruktur, spesialisering, koordinering, mål, strategi og motivasjon.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studentene følgde læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- ha grunnleggande kunnskap om nokre sentrale organisasjonsteoretiske omgrep
- ha kunnskap om gruppeprosessar og kjenne sentrale omgrep og føresetnader for godt gruppearbeid og effektivt team
- ha kunnskap om samarbeid, relasjonsbygging og utvikling av arbeidsgrupper og team
- ha grunnleggande kunnskap om fleksible organisasjonsformer, som teamorganisering, prosjektorganisering og virtuelle organisasjonar
- ha kunnskap om bruk og omfang av fleksible organisasjonsformer i arbeidslivet, nasjonalt og internasjonalt
Studenten kan
- nytte grunnleggande organisasjonsteori for å analysere ulike problemstillingar i organisasjonar
- nytte grunnleggande gruppeteori og omgrep for eigne bidrag i ein gruppeprosess
- analysere og sette i verk tiltak for betre samarbeid i grupper
- reflektere over eige bidrag i samarbeid, og analysere korleis grupper løyser oppgåver og bidreg til måloppnåing
Studenten skal kunne
- vurdere kritisk bruk av ulike fleksible organisasjonsformer
- vurdere korleis ulike kompetansar, gjennom samarbeid, kan vere til nytte i ein organisasjon
Undervisning og læringsaktivitetar i form av førelesingar, dialog, diskusjon, oppgåveløysing, sjølvstendig arbeid, gruppearbeid, temadagar og gjesteførelesingar.
Frammøtekrav: 80 prosent frammøte til undervisning og læringsaktivitetar.
Arbeidskrav: To arbeidskrav i grupper.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Samfunnskunnskap - årsstudium
- Samfunnsutvikling - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 4 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Case som ligg til grunn for eksamen blir sendt ut 24 timar før eksamen. |