Semestre

PRO121 Samfunnsvitskapleg metode

Emnekode: 
PRO121
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
PRO102 Prosjektarbeid lokalsamfunnsanalyse
Om emnet

Dette emne gjev ein introduksjon til samfunnsvitskapleg metode. Emnet gjev vidare ein systematisk gjennomgang av vitskaplege arbeidsmåtar og samfunnsvitskapleg metode. Det vert innføring i konkrete forskingsteknikkar og korleis desse blir nytta i praksis, med vekt på å kunne tolke, forstå og vurdere vitskaplege undersøkingar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap og forståing av:

  • Fasane i den samfunnsvitskaplege forskingsprosessen, frå utvikling av problemstillingar til drøfting og presentasjon av funn
  • Ulike kvalitative og kvantitative data og metodar som dokumentanalyse, intervju, feltarbeid, survey og registerdata
  • Grunnleggande prinsipp for å tolke og vurdere resultata frå undersøkingar
Ferdigheiter

Studenten skal ha ferdigheiter til å:

  • Tolke, forstå og vurdere resultat frå kvalitative og kvantitative undersøkingar
Generell kompetanse

Studenten skal kunne:

  • Reflektere rundt etiske og praktiske spørsmål som gjeld innsamling og bruk av data
  • Diskutere og grunngje metodeval ut frå ulike problemstillingar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga vil vere sett saman av førelesingar, praktiske arbeidsoppgåver i metode som skal løysast individuelt og i grupper, gruppediskusjonar, individuell oppgåveskriving og drøftingar i plenum.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav:

Individuelle arbeidskrav som vert gjennomført i løpet av semesteret, jfr. semesterplan.

Sensorordning
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Bjarte Folkestad
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Samfunnsutvikling - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
4 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
IPA172 Vitskapsteori og samfunnsvitskapleg metode
100%
10 stp.