PROG-110KFK Introduksjon til programmering, 1.-10. trinn
Ingen.
I emnet får studentane, uavhengig av tidlegare erfaring, utvikle kompetanse til å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg som gir elevane grunnleggjande ferdigheiter i programmering. Emnet gir gode høve til å utvikle eigen kompetanse i programmering og didaktikk, og det å integrere programmering i ordinære undervisningsfag.
Hovudfokuset ligg på korleis ein kan arbeide praktisk med programmering i grunnskulen. Studentane får erfaring med metodar for å utvikle algoritmisk tenking utan digitale verktøy, og med blokkprogrammering og tekstbasert programmering. Programmeringa går føre seg på nettbrett, PC og med mikrokontrollerar som t.d. Micro:bit og Arduino.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten kan
- vise forståing for programmeringa si nytte i samfunnet
- vise forståing for diskursen om modellering, algoritmisk tenking og programmering i skulen
- vise grunnleggjande forståing for algoritmar og datastrukturar
- vise forståing for omgjering av problem til delproblem, og vurdere når det er hensiktsmessig å løyse desse digitalt.
- vise forståing for grunnleggande element i eit programmeringsspråk
- gjere greie for ulike programmeringsverktøy
- gjere greie for ulike programmeringsspråk til bruk i skulen
- gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til programmering, både generelt og knytt til grunnskulen sine fag
Kandidaten kan
- utforme algoritmar og pseudokode
- utvikle program ved hjelp av blokkprogrammering/visuell programmering
- utvikle program ved hjelpe av tekstbasert programmering
- kommentere, feilsøke og vidareutvikle program
- planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning knytt til programmering
- integrere programmering i elevar sitt læringsarbeid, knytt til grunnskulen sine fag
- vurdere elevarbeid som inkluderer programmering
Kandidaten kan
- oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
- arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling om programmering
- bidra til kritisk refleksjon over programmering i skulen
- bidra til å utvikle fagleg grunngjeven bruk av programmering i skulen
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.
Frammøtekrav: Ingen.
Arbeidskrav: Utvalde arbeidsoppgåver vil vere markert obligatoriske i semesterplanen. Oppgåvene vil handle om å styrke eigen programmeringskompetanse gjennom praktisk produktutvikling og profesjonsfagleg digital kompetanse knytt til programmering.
- Programmering for lærarar, 1.-7. trinn - Kompetanse for kvalitet
- Programmering for lærarar, 5.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med utvalde arbeid frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. | Alle |