PROG-110KFK Introduksjon til programmering, 1.-10. trinn

Course code: 
PROG1-110KFK
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
7,5
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Introduksjon til programmering, 1.-10. trinn
Teaching semester: 
2020 Autumn
Assessment semester: 
2020 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

I emnet får studentane, uavhengig av tidlegare erfaring, utvikle kompetanse til å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg som gir elevane grunnleggjande ferdigheiter i programmering. Emnet gir gode høve til å utvikle eigen kompetanse i programmering og didaktikk, og det å integrere programmering i ordinære undervisningsfag. 

Hovudfokuset ligg på korleis ein kan arbeide praktisk med programmering i grunnskulen. Studentane får erfaring med metodar for å utvikle algoritmisk tenking utan digitale verktøy, og med blokkprogrammering og tekstbasert programmering. Programmeringa går føre seg på nettbrett, PC og med mikrokontrollerar som t.d. Micro:bit og Arduino. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten kan 

  • vise forståing for programmeringa si nytte i samfunnet 
  • vise forståing for diskursen om modellering, algoritmisk tenking og programmering i skulen 
  • vise grunnleggjande forståing for algoritmar og datastrukturar 
  • vise forståing for omgjering av problem til delproblem, og vurdere når det er hensiktsmessig å løyse desse digitalt. 
  • vise forståing for grunnleggande element i eit programmeringsspråk 
  • gjere greie for ulike programmeringsverktøy 
  • gjere greie for ulike programmeringsspråk til bruk i skulen 
  • gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til programmering, både generelt og knytt til grunnskulen sine fag 
Learning outcome skills

Kandidaten kan 

  • utforme algoritmar og pseudokode 
  • utvikle program ved hjelp av blokkprogrammering/visuell programmering 
  • utvikle program ved hjelpe av tekstbasert programmering 
  • kommentere, feilsøke og vidareutvikle program 
  • planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning knytt til programmering 
  • integrere programmering i elevar sitt læringsarbeid, knytt til grunnskulen sine fag 
  • vurdere elevarbeid som inkluderer programmering
Learning outcome qualification

Kandidaten kan  

  • oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis 
  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling om programmering 
  • bidra til kritisk refleksjon over programmering i skulen 
  • bidra til å utvikle fagleg grunngjeven bruk av programmering i skulen
Working and learning activities

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.

Assessment requirements

Frammøtekrav: Ingen. 
Arbeidskrav: Utvalde arbeidsoppgåver vil vere markert obligatoriske i semesterplanen. Oppgåvene vil handle om å styrke eigen programmeringskompetanse gjennom praktisk produktutvikling og profesjonsfagleg digital kompetanse knytt til programmering. 

Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Kim André Stavenæs Refvik
Torbjørn Frantsen
Used in other programs
  • Programming for teachers, 1st-7th Grade - Competence for quality
  • Programming for teachers, 5th-10th grade - Competence for quality
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Studenten skal levere ei vurderingsmappe med utvalde arbeid frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk.
Alle
Approval signature: 
Arne Myklebust