Semestre
PROG1-17KFK Introduksjon til programmering for lærarar 1, 1.-7. trinn
Ikkje noko krav til forkunnskapar
Studentane skal utvikle kompetanse i å planleggje, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg som inkluderer programmering. Det vil i hovudsak nyttast visuelle programmeringsmiljø.
Studentane skal både utvikle eigene ferdigheiter i programmering og kunnskap om korleis programmering kan integrerast i undervisningsfag. Emnet fokuser på praktisk arbeid med programmering med relevante verktøy og metodar for 1.-7.-trinn. Studentane får også kjennskap til algoritmisk tenking utan digitale verktøy, og korleis dette kan brukast til planlegging av programmeringsprosessen.
Undervisingen og det praktiske arbeidet vil organiserast rundt to prosjekt – eit programmeringsfagleg og eit didaktisk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har forståing for programmering og algoritmisk tenking si rolle i samfunnet
- har forståing for programmering og algoritmisk tenking si rolle i skulen
- har grunnleggjande forståing for algoritmar
- har forståing for analog programmering
- vise forståing for grunnleggande element i visuell programmering
- gjere greie for programmering som prosess
- gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til programmering
Studenten skal kunne
- utforme algoritmar og pseudokode
- ta i bruk analog programmering i undervisning
- utvikle program ved hjelp av visuell programmering
- kommentere, feilsøke og vidareutvikle program, samt produsere ryddig kode og dokumentasjon
- planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning knytt til programmering
- vurdere elevarbeid som inkluderer programmering
Studenten skal kunne
- arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling om programmering
- bidra til å utvikle programmering i skulen som er fagleg grunngjeven
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver er praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.
Frammøtekrav:
Ingen
Arbeidskrav:
- Studenten skal gjennomføre eit programmeringsprosjekt og dokumentere prosessen og resultatet gjennom ei innlevering. Prosessen vil bestå av fleire steg, definert i semesterplanen.
- Studenten skal gjennomføre eit pedagogisk utviklingsarbeid som inkluderer programmering og dokumentere prosessen og resultatet gjennom ei innlevering. Prosessen med utviklingsarbeidet vil bestå av fleire steg, definert i semesterplanen.
- Programmering for lærarar, 1.-7. trinn - Kompetanse for kvalitet
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 | Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld dei to obligatoriske mappeoppgåvene frå semesteret. | Alle |