Semestre

REALBHG-KFK Realfag i barnehagen - Kompetanse for framtidas barnehage

Emnekode: 
REALBHG-KFK
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Haust
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet handlar om realfaglege tema i barnehagen. I gjeldande planverk, Rammeplan for barnehagen, famnar dette fagområda tal, rom og form og natur, miljø og teknologi i tillegg til berekraftig utvikling.

Målet med studiet er at barnehagelærarar aukar kompetansen sin innanfor desse fagområda, og at dei saman med kollegaer i barnehagen skal setje fokus på realfag, og legge til rette for at borna får erfaringar innanfor matematikk og naturfag.  

Studentane skal kartlegge kva plass realfaga har i leike- og læringsmiljøa i eigen barnehage, og arbeide med å utvikle desse. Det er eit mål at studentane skal sjå og vidareutvikle moglegheitene for oppdaging og utforsking i lag med barna, både ute og inne. Studentane skal òg kunne reflektere over bruk av teknologi og programmering i barna sitt leike- og læringsmiljø.

Språk og kommunikasjon er ein viktig del, og særleg vil den utforskande og filosofiske samtalen få mykje rom. For dei yngste borna er særleg dei sanselege erfaringane sentrale i møte med matematiske omgrep og naturfaglege fenomen. Tilpassing med tanke på alder og utvikling hos barna vil bli vektlagt, også med tanke på barn med særskilte behov. Realfaga blir slik sett i ein heilskap og i eit mangfald. Det vil bli lagt vekt på tverrfagleg tenking, med heile barnet som utgangspunkt.  

Utvikling av profesjonsfagleg digital kompetanse vil vere ein naturleg del av studiet, både gjennom organisering og arbeidsmåtar i studiet og gjennom undervisning og oppgåver knytt til teknologi og programmering i barnehagen.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om

  • utforsking og problemløysing
  • berekraft
  • modellar og modellering
  • klassifisering og sortering
  • utvikling av forståing av tal, rom, form
  • fysiske fenomen i kvardagen, som til dømes lys, lyd og elektrisitet
  • universet, solsystemet, månen og jorda
  • eigenskapar til nokre kjemiske stoff i kvardagen, og bruken av desse
  • anatomien og fysiologien til menneske og dyr
  • biologisk mangfald og økologi
Ferdigheiter

Studenten kan

  • legge til rette for utforskande aktivitetar
  • gjennomføre matematiske samtalar
  • legge til rette for bruk av nærmiljøet i realfaglege aktivitetar
  • vurdere praksis og aktivitetar i barnehagen knytt til berekraftig utvikling
  • legge til rette for utforsking av og gjennom sanseerfaringar
  • legge til rette for aktivitetar med teknologi og programmering
  • gjere naturfaglege observasjonar og undersøke både flora og fauna, ulike landskapselement og naturfenomen
Generell kompetanse

Studenten kan

  • kommunisere og drøfte fagleg-pedagogiske problemstillingar knytt til realfaga med personalet, føresette og eksterne samarbeidspartnarar og vere pådrivar for arbeid med desse faga i barnehagen
  • dokumentere og evaluere arbeid med realfaga i barnehagen, og ta på seg leiaransvar for utviklings- og kvalitetsarbeid i desse
  • vere ein ressurs knytt til realfaglege aktivitetar og delta i barnehagefaglege diskusjonar knytt til realfaga
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet Realfag i barnehagen er organisert som eit nettstudium, med leksjonar som skal vere gjennomført innan gitte tidsfristar. Detaljert informasjon og fristar vert presiserte i semesterplanen. Arbeidsmåtane i emnet inkluderer sjølvstudium, studentsamarbeid gjennom digitale medium og aktivitetar med barn og vaksne i barnehagen.

Det kan også vere aktuelt å gjennomføre nettmøte der studentane deltek til oppsett tid. Eventuelle tidspunkt for dette vil bli fastsett i samråd med studentane.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: 

Ingen

Arbeidskrav: 

Gjennomføring av alle leksjonane med tilhøyrande aktivitetar er obligatorisk. Desse aktivitetane kan til dømes vere å dele erfaringar og observasjonar frå barnehagen, samle materiale, delta i diskusjonar og gje tilbakemeldingar til medstudentar.

Studentane må levere og få godkjent tre skriftlege arbeidskrav.

Nokre av arbeidskrava skal gjennomførast saman med kollegaer og barn i barnehagen. Det er difor eit vilkår at studentane har moglegheit til dette.

Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Beate Krøvel Humberset
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Realfag i barnehagen - Kompetanse for framtidas barnehage
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
2 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
2000-2500 ord
Godkjent av: 
Arne Myklebust