Semestre
REL112N Religion og livssyn
Ingen.
Emnet kan vere del av Religion, livssyn og etikk, opne emne, nettstudium. Det skal gje god kunnskap om ulike religionar, filosofi, ikkje-religiøse livssyn og moderne religiøse rørsler og vil vere nyttig for å forstå dagens fleirkulturelle samfunn. Denne kunnskapen er aktuell i mange samanhengar, også i skulen og i anna undervisning.
Emnet hentar stoff frå fagområda religions- og livssynskunnskap, teologi og filosofi. Fagstoffet er fordelt på tre delemne:
Del 1: Religionar
Delemnet er konsentrert om religionane jødedom, islam, hinduisme, buddhisme og aust-asiatiske religionar. Delemnet tek føre seg truslæra i religionane, men omfattar også sentrale heilage tekstar og korleis menneske utøver og lever med religion.
Del 2: Religion og livssyn i dag
Delemnet kombinerer stoff frå religions- og livssynskunnskap og er konsentrert om ikkje-religiøse livssyn, nyreligiøsitet og dei religionsmøta som finn stad i ein globalisert tidsalder.
Del 3: Filosofi og etikk
Delemnet kombinerer stoff frå filosofihistorie og etikk. Det blir lagt vekt på både eit historisk og eit aktuelt perspektiv, der samtida sitt levande forhold til historia blir vektlagt. Delemnet vil også samanlikne filosofane og religionane sine tilnærmingar til røyndomen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- om dei ulike religionane og livssyna i historisk og samanliknande perspektiv
- om religionane sine heilage skrifter
- om dei sentrale elementa i truslæra til ulike religionar og hovudtankane i dei ikkje-religiøse livssyna
- om korleis dei ulike religionane og dei ikkje-religiøse livssyna blir praktiserte i dag, og reflektere over kulturmøta som skjer i det norske samfunnet
- om nyreligiøse retningar i Noreg
- om eit utval av eldre og nyare filosofar
- om grunnleggjande etiske omgrep og normative etiske teoriar
- til å kunne analysere kritisk både innhaldet i religionane og livssyna og måten dei blir utøvd på, blant anna særskilt kunne drøfte islam sitt møte med Vesten
- til å kunne drøfte religions- og livssyndialogen i Noreg
- til å kunne formidle kunnskapane sine skriftleg og munnleg
- grunnleggjande digital kompetanse
- evne til å bruke kunnskapar og dugleikar sjøvstendig
- evne til å nytte kunnskap og dugleik reflektert og kritisk i utdanning og yrke
Emnet er nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein fastlagt kalender for leksjonar, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Fristar vert kunngjort ved studiestart i semesterplanen. Som for andre studium ligg det primære ansvaret for læringsutbyttet hjå studenten gjennom lesing, oppgåveskriving og aktiv deltaking på Canvas.
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten
- ha fått godkjent to arbeidskrav innan fastsett frist
Arbeidskrav nummer to inngår i mappeeksamen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Religion, livssyn og etikk, opne emne
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital eksamen | Individuell | 30 minutt | Stått eller ikkje stått | Den digitale prøva må vere bestått for å få samla karakter i emnet. | |||
Mappeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Mappeeksamen består av to delar: Ei oppgåve på 2500 ord over 3 dagar og ei oppgåve på 1500 ord (arbeidskrav nr. 2). Oppgåvene skal leverast som Pdf-filer innan fristen. | Alle |