Semestre

REL113N Tru og tradisjon

Emnekode: 
REL113N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Faith and Tradition
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Emnet kan vere del av Religion, livssyn og etikk, opne emne, nettstudium. Emnet gjev kunnskap om kristen tru og tradisjon. Det presenterer historia til kristendomen gjennom to tusenår. Emnet tek særleg føre seg reformasjonstida og dei ulike kyrkjesamfunna i hundreåra etter. Det gjev kunnskap om truslæra i eit felleskristent perspektiv, og studenten skal få grunnlag til å vurdere både prinsipielle og aktuelle spørsmål omkring kristen etikk.

Dei to første delemna er historiske - med vekt på korleis tru og praksis har arta seg til skiftande tider. Dei to andre tek føre seg truslære og etikk.

Del 1: Frå urkyrkje til reformasjonstid
Delemnet framstiller kyrkja si utvikling frå forfølgd minoritet til folkekyrkje med politisk makt. Det vert lagt vekt på misjonsverksemda i oldtid og mellomalder, og studiet vert ført fram til reformasjonen i Danmark-Noreg.

Del 2: Kyrkjeleg mangfald i nyare tid
Delemnet gjev innføring i det kristne mangfaldet i nyare tid utifrå eit globalt perspektiv. Det vert lagt vekt på teologisk utvikling etter reformasjonen og kristendomens forskjellige uttrykk til ulike tider og stader. Dette inkluderer ei framstilling av utviklinga av kristendomen frå reformasjonen til vår eiga tid i Noreg.

Del 3: Kristen tru
Delemnet gjev innføring i truslære etter luthersk tradisjon. Dette vert sett i ein felleskristen samanheng med vekt på den nikenske truvedkjenninga.

Del 4: Kristen etikk
Delemnet gjev ei kristen grunngjeving av etikken og drøftar utvalde tema som: Etikk og kristen tru; kristen etikk og anna etikk; menneskesyn og menneskeverd, familie og samliv, mennesket som forvaltar, arbeid og yrke, økonomi, naturen og politikk.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbyte etter fullført emne:

Kunnskapar

- kunnskap om den kristne kyrkja i oldtid, mellomalder, reformasjonstid og nytid

- kunnskap om kristendomen på eit anna kontinent enn Europa

- kunnskap om hovuddraga i luthersk kristendomsforståing i høve til andre kyrkjesamfunn

Ferdigheiter
  • kan vurdere verknaden av moderne vitskap på kyrkja si rolle i samfunnet
  • kan drøfte prinsipielle og aktuelle etiske spørsmål med basis i kristent normgrunnlag
Generell kompetanse
  • grunnleggande digital kompetanse 
  • evne til å bruke kunnskapar og dugleikar sjølvstendig
  • evne til å nytte kunnskap og dugleik reflektert og kritisk i utdanning og yrke
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet er nettbasert. Det går over eitt semester og vert organisert etter ein fastlagt kalender for leksjonar, kunnskapsprøver og oppgåver. Kalenderen med innleveringsfristar og anna vert kunngjort i Canvas ved semesterstart.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen må studenten ha fått godkjent to arbeidskrav innanfor dei fristane som vert opplyste ved semesterstart.

Arbeidskrav nummer to inngår i mappeeksamen.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
150
Emneansvarleg: 
Ralph Meier
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Religion, livssyn og etikk, opne emne
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Digital eksamen
Individuell
30 minutt
Stått eller ikkje stått
Den digitale prøva må vere bestått for å få samla karakter i emnet
Mappeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Mappeeksamen består av to delar:
Ei oppgåve på 2500 ord over 3 dagar og ei oppgåve på 1500 ord (arbeidskrav nr. 2).
Oppgåvene skal leverast som Pdf-filer innan fristen.
Alle
Godkjent av: 
Arne Myklebust