Semestre
REL116 Populærkultur og livstolking i eit fleirkulturelt samfunn
Ingen
Populærkulturen spelar ei vesentleg rolle for livstolkinga til mange menneske i dag. Emnet vil gi kunnskap om tilhøvet mellom religion, estetikk og populærkultur i det fleirkulturelle Noreg. Emnet gir hjelp til å reflektere over religionsdidaktiske spørsmål og tek opp dei didaktiske utfordringane som knyter seg til felles religionsundervisning i eit fleirkulturelt samfunn. Emnet er delt i fire.
Del 1: Religionsdidaktikk og kulturmangfald
Del 1 gir ei kort innføring i kulturomgrepet og kulturmangfaldet i Noreg i dag. Det vert særleg fokusert på
- religions- og livssynsundervisning i eit flierkulturelt samfunn
- ulike sider ved religionane si rolle i dagens samfunn
- tilhøvet mellom religion og estetikk
Del 2: Religion, media og populærkultur
Denne delen gir innblikk i ulike dimensjonar ved populærkulturen som kjelde til og arena for livstolking. Det blir særlig fokusert på
- media literacy
- populærkulturen som livssynsmarknad
- tilhøvet mellom religion og media
- skule og media
Del 3: Film som livstolking
Delemnet gir innsikt i film som bidrag til livstolking og korleis meiningsdanning skjer i møte med film. Det blir særleg lagt vekt på
- korleis motiv frå kristen tru og etikk blir bearbeidd i film
- Jesusforteljinga på film
- film som medium for livstolking
- populærkulturens gjenbruk av religiøse forteljingar
Del 4: Forteljing, bildekunst og livstolking
Denne delen gir ei innføring i bildekunst og forteljingar i dei store verdsreligionane. Det vert lagt vekt på både teoretiske og praktiske aspekt ved korleis ein kan bruke forteljing og bilde i opplæring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande kæringsutbytte etter fullført emne:
Kunnskap om
- rolla til religion i det fleirkulturelle Noreg
- populærkulturen sin bruk og omforming av religiøst innhald
- meningsdanning og livstolking med utgangspunkt i populærkulturelle uttrykk
- korleis forteljing og bilde blir forstått og brukt i ulike religionar og livssyn, og korleis dette kan brukast i undervisning
- religionsdidaktiske problemstillingar
- medias påverknad på sosialiseringa til barn og ungdom
Studenten skal ha ferdigheiter
- til å kunne drøfte rolla til religion i det fleirkulturelle Noreg
- til å analysere framstillinga av religion i populærkulturen
- til å analysere religiøs kunst frå ulike tradisjonar
- ha kunnskap om bruk av bibelforteljingane på film og korleis dette kan brukast i undervisning
- til å drøfte kva konsekvensar eit pluralistisk samfunn har for religions- og livssynsundervisninga
Studenten skal ha kompetanse
- til å kunne bruke film som ein del av religions- og livssynsundervisninga
- til å kunne reflektere over forholdet mellom polulærkultur og livstolking i eit fleirkulturelt samfunn
Undervisninga skjer gjennom førelesinger og seminar. Det er obligatorisk frammøte (80%) til undervisninga, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det primære ansvaret for læringsutbyttet ligg hos studenten gjennom eiga lesning, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar og aktiv deltaking i undervisninga.
For å kunne gå opp til eksamen må studenten
- ha fått godkjent ei kunnskapsprøve innan ein frist som instituttet fastset
- ha fått godkjent tre faglege arbeid på 1500 ord og ha presentert eitt av dei munnleg
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Bachelor i religion og livssyn
- Religion, kultur og samfunn - årsstudium (samlingsbasert)
- Religion, kultur og samfunn 30 stp
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Ingen | 2500 ord | |
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Munnleg eksamen kan gjelde alle delemna | Ingen |